Tre elevar frå fagskulen og fire frå vidaregåande fekk 5.000 kroner kvar frå havnefogd Iversen og hustrus legat 2007 ved årsavslutninga til Bergen maritime vidaregåande skule torsdag.
Rektor Bjørn-Kristian Jæger (t.v) delte ut Havnefogd Iversen og hustrus legat 2007 til Øystein Hjelle (Os), Martha Eidnes (Grimo), Stig Andre Brakstad (Frekhaug) og Per Arvid Høyum (Vangsnes) under skuleavslutninga til Bergen maritime vidaregåande skule. Legatet er på 5.000 kroner til kvar. Avdelingsleiar Anne de Lange (t.h).
- Skulen er tilgodesett med eit legat frå havnefogd Iversen og frue. Årleg delast ut eit tal legatporsjonar til elevar/studentar som har utvist stor flid, fagleg dugleik og framdrift i sitt studium ved BMV og BMF. Etter eit vel gjennomført skuleår står de fram som eitt av dei beste årskulla som har blitt uteksaminert på BMV i mi tid som rektor.
- Då må eg også nytta høvet til å takka lærarar og andre tilsette for deira viktige bidrag til eit slikt godt resultat, sa rektor Bjørn-Kristian Jæger mellom anna i sin tale til elevane.
Han delte ut heidersprova og fire legatporsjonar på 5.000 kroner kvar til Per Arvid Høyum (Vangsnes), Stig Andre Brakstad (Frekhaug), Martha Eidnes (Grimo) og Øystein Hjelle (Os) på vidaregåande. Fagskulestudentane Olav Frøyen Garder (Bergen), Ståle Lemvig (Bjørnøyhamn) og Gudrun Helene Lunde (Etnedal) fekk sine legat på ei tidlegare tildeling.
Avslutninga for vidaregåande kurs skuleåret 2006/2007 markerte også at elevane anten er ferdig med VG1, VKI eller VKII med høvesvis utlevering av karakterutskrift eller kompetansebevis.
- Eg føler meg sikker på at de vert gode ambassadørar for skulen vår når de kjem ut i arbeidslivet. Hugs at de nå skal føra vidare 154 år med stolte tradisjonar for BMV, avrunda rektor Jæger årets skuleavslutning.
Simon Sortland 28.06.2007 08:30