Signerte historisk kontrakt

Hordaland fylkeskommune er den første i landet til å konkurranseutsette fylkesrevisjonen. Blant fire tilbydarar vann Deloitte AS anbodskonkurransen, og kontrakten vart signert i fylkeshuset i dag.


Fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (t.h) gratulerer ansvarleg revisor Helge Roald Johnsen frå Deloitte As med kontrakten om fylkesrevisjonen. Sekretær Roald Breistein i Kontrollutvalet overvakar den historiske signeringa.

- Deloitte AS vann i hard konkurranse med tre andre tilbydarar, og er no Hordaland fylkeskommune sin eksterne leverandør av revisortenester tilknytt rekneskap og forvaltningsrevisjon, opplyser rådgjevar Roald Breistein som er sekretær for Kontrollutvalet.

- Stor innsparing
- Avtalen inneber ei monaleg innsparing samstundes med at me beholder fagleg kvalitet. Dette frigjer ressursar som kan nyttast til kjerneoppgåvene våre, seier fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen. Dette er eit steg i ein lang rekkje av konkurranseutsettingar som har synt seg vellukka, mellom anna innanfor hurtigbåtdrift og bussdrift. Denne hausten skal også pensjonsordninga ut på anbod. Pengar som er blitt spart her får me att som innbyggarar gjennom betre tenester.

Bakgrunnen for denne kontrakten er ei lovendring frå 2004 som opna for konkurranseutsetjing av kommunale og fylkeskommunale revisjon. Fylkestinget bad om ei vurdering av konkurranseutsetjing av fylkesrevisjonen. Kontrollutvalet sitt fleirtal rådde ifrå konkurranseutsetjing, men fleirtalet i fylkestinget vedtok konkurranseutsetjing. I junitinget vedtok fleirtalet i fylkestinget å gje oppdraget til Deloitte AS frå 1. juli 2007 til 30. juni 2010 med opsjon for 1 + 1 år.

- Det var steintøffe forhandlingar, og me er glade for å ha vunne oppdraget, seier ansvarleg revisor Helge Roald Johnsen i Deloitte AS. Det er i tillegg ei stor utfordring, men heldigvis har me folk som kjenner systemet.

Banebrytande
- Prosessen har vore profesjonell, legg revisor Gunnar Hoff til. Den tidlegare fylkeskommunalt tilsette skal vere ansvarleg for rekneskapsrevisjonen. Med seg på forvaltningsrevisjonen har han ein tidlegare kollega på fylkeshuset, revisor Stein Ove Songstad.

- Hordaland er den første fylkeskommunen i landet som konkurranseutset fylkesrevisjonen, fortel Breistein. Fylket vårt har også flest kommunar som har konkurranseutsett sin revisjon. Før 2004 var kommunane pålagde å ha sin eigen revisjon, eventuelt vere med i ein interkommunal revisjon.

- Hordaland fylkeskommune har ikkje hive seg på ei bølgje, men er banebrytande som den første fylkeskommunen med konkurranseutsatt revisjon, legg Johnsen til.

- No gler me oss til å ta fatt på oppgåvene, seier Hoff.

Med på kontraktssigneringsmøtet frå Hordaland fylkeskommune var også konstituert fylkesrevisor Bente Utne, fylkeskasserar Tor Oddvar Sjøvoll, økonomisjef Nils Vetlesand og innkjøpssjef Rolv Steffner.

Simon Sortland 28.06.2007 13:46
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart