Fylkestinget vedtok dette mot 21 (Ap, SV, RV) røyster.
Selskapet, som har fått arbeidstittelen Business Region Bergen AS, skal vera eit regionalt næringsutviklingsselskap for fremja samordna strategiar og satsingar for næringsutvikling i Bergensregionen. Det er føreslege å opprette BRB som eit aksjeselskap med følgjande eigarar: Bergen kommune (35%), fylkeskommunen (35%) og andre kommunar samla (30%).
Fylkestinget løyver 350 000 kr til aksjekapital, 1 mill. kr i tilskot for 2007 og inntil 1 mill. kr i prosjektmidlar for 2007. Framtidige løyvingar skal innarbeidast i budsjettet frå og med 2008 med 2,5 mill. kr i tilskot og inntil 2,5 mill. kr i prosjektmidlar.
Gisle Handeland frå Arbeidarpartiet føreslo at det skal opprettast eit næringspolitisk råd for Bergensregionen for stå for dei same oppgåvene som det føreslegne aksjeselskapet. Eit aksjeselskap er ikkje det rette instrumentet for å ivareta næringspolitiske oppgåver som i svært stor grad er avhengige av politiske beslutningar, politisk samhandling og politisk fastsette rammevilkår, heiter det i forslaget som fekk 21 røyster (Ap, SV, RV).