Satsar meir konsesjonskraftmidlar til utviklingsprosjekt

Fylkestinget i Hordaland har vedteke å nytta 20 mill. kr årleg av konsesjonskraftinntektene til utviklingsprosjekt frå og med 2008. Løyvinga i 2007 er på 8,5 mill. kr.

Fylkestinget sitt vedtak er at i samsvar med tidlegare vedtak om at 70 % av konsesjonskraftinntektene skal gå til Hardangerbrua. 30 % minus dei 20 mill. kr til utviklingsprosjekt, skal gå til Jondalstunnelen. Denne fordelinga av konsesjonskraftinntektene skal gjelda fram til fylkeskommunen har løyvd 365 mill. kr til Hardangerbrua.

 Vedtaket er gjort med 55 mot 2 røyster (RV).

Fylkestinget vedtok at for åra frametter kan også samferdselsprosjekt vurderast innan ramma på 20 mill. kr til utviklingsprosjekt. Forslaget vart vedteke med  47 (H, KrF, Frp, Ap, Sp) mot  10 (SV, RV, V) røyster.

Pr. 1.1. 2007 har fylkeskommunen sett av 157,2 mill. kr til Hardangerbrua, slik at det står att å dekka 208 mill. kr.

Prognosen for konsesjonskraftinntekter framover er sett til 80 mill. kr i 2007, 94 mill. kr i 2008 og 104 mill. kr i 2009. Fylkesrådmannen seier i saksutgreiinga at han vurderer 100 mill. kr i årleg konsesjonskraftinntekt som ei realistisk målsetjing. Med slik inntekt vil tilskotet til Hardangerbrua vera dekka i 2. halvår 2009.

Utviklingsrolla
Fylkeskommunen har dei seinare åra fått ei langt sterkare og meir tydeleg rolle som regional utviklingsaktør. Sentrale føringar og løyvingar understrekar dette. Fylkeskommunen har med eigne midlar i tillegg til øyremerkte statsmidlar styrkt denne rolla, heiter det i fylkesrådmannen si saksutgeiing.
 Løyvingar til strategisk viktige prosjekt er i 2007 13,5 mill. kr etter at fylkestinget auka denne budsjettposten med 5 mill. kr under budsjetthandsaminga i desember.

Etter fylkesrådmannen si vurdering er det heilt avgjerande at ein no set seg i posisjon til å kunne fylle rolla som regional utviklingsaktør ved å styrkje budsjettet til regionale føremål. Fylkesrådmannen vil for framtida nytte nemninga «utviklingsprosjekt» om desse midlane. Fram til no har vi brukt omgrepet strategisk viktige prosjekt for regional utvikling.
 Utviklingsmidlane kan som no nyttast i heile fylket. Større strategisk viktige prosjekt bør framleis prioriterast, og kommunane skal framleis vere viktige partnarar for å finne fram til aktuelle prosjekt. Som hovudregel vil dette dreie seg om investeringsprosjekt, heiter det i saksutgreiinga.

Stanley Hauge 18.06.2007 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart