Samlar ansvar for opplæring innan kriminalomsorga ved Åsane vgs

Hordaland fyllesutval har vedteke at opplæringa innan kriminalomsorga vert lagt under felles leiing ved Åsane videregående skole frå skuleåret 2007-08. Fylkesutvalet føreset at målgruppa ved Dagskolen, dvs. noverande og framtidige elevar, vert sikra eit f

 Vedtaket er gjort med åtte (H, KrF, Frp) mot sju (Ap, SV, V, Sp) røyster. 

 Overføringa vert gjort for å samla all undervising innan kriminalomsorga under felles leiing, slik at opplæringa vert heilskapleg og samanhengande.

Mindretalet i fylkesutvalet, Arbeidarpartiet, SV, Sp og V, gjekk også inn for at opplæringa innan kriminalomsorga  skal vera under ei felles leiing ved Åsane videregående skole. Men føreslo at fylkesutvalet skulle vedta desse punkta:
 «2. Dagskolen ved Årstad vidaregåande skole held fram.
 3. Det må arbeidast vidare med korleis Dagskolen sine tilbod kan vidareførast  med omsyn til organisering og finansiering.»

Dette forslaget fekk sju røyster (Ap, SV, V, SP) og fall.

Mette Holmefjord Olsen (SV) føreslo at saka skulle utsetjast og sendast på høyring. Fylkesutvalet avviste dette med åtte (H, Frp, KrF) mot sju (Ap, SV, Sp, V) røyster.

Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet (rtf-fil)

Srtanley Hauge 21.06.2007 15:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart