
Einar Agdestein og Kjersti Bårtveit prydar no inngangspartiet til Olsvikåsen videregående skole.
Publikum klappa, og det var ikkje for å vere høflege då inntaksleiar Nils Skavhellen trakk i snora og avduka SMS-skulpturen til Mæland Til stades var også dei to høgst levande modellane og elevane på Olsvikåsen videregående skole, Kjersti Bårtveit og Einar Agdestein.
Jentetur på Fløyen
Det heile starta på ein jentetur på Fløyen og de jentene Berit Østerbø Brekke, Olsvikåsen og Sissel Aas på Bjørgvin. Då var skulen nett starta, og Berit Brekke var fungerande rektor. Ein kjapp sms til Mæland om ein skulptur til utsmykking i staden for skuleveggpryd, kveikte interessa hos kunstnaren og like raskt i korridorane på fylkeshuset.
Heile livet i eit SIM-kort
– Vi byrja 10. mars i atelieret mitt på Os. Skulpturen, som veg 250 kg, var ferdig frå støyperiet i Arendal, fortel Mæland.
– Kor fann du ideen?
– Eg hadde tenkt på noko liknande lenge. Så stod dei to der i gangen og chatta, og då var det gjort. Men for meg er modellane meir rollefigurar for ei ny tid enn dei er portrettar. Mobilen grei, men han er også eit mareritt. Du legg heile livet ditt inn på eit SIM-kort, og gløymer du mobilen heime, snur du trill rundt på motorvegen i panikk for å hente han. Samstundes er eg fascinert av dei som står utanfor og ikkje nyttar dei nye tekniske vidundra, seier Mæland.
Litt skummelt
– Det var litt skummelt då han spurde oss fyrste gongen, men vi vart vane med å sitje modell. Innimellom kjeda vi oss, men jamen er det rart å tenke på at her blir vi ståande i all framtid, sa Einar Agdestein med undring i stemma.

Kunstnaren Arne Mæland var vel nøgd med dei to rollemodellane sine, Einar Agdestein og Kjersti Bårtveit. I bakgrunnen til høgre inntaksleiar Nils Skavhellen som offisielt avduka skulpturen.