Puggar lekser i sommarferien

Kvar dag frå klokka ti til to benkar 25 elevar seg friviljug for å terpa norsk og matematikk i to sommarferieveker i Røde Kors-huset. Hordaland fylkeskommune samarbeidar med Hordaland Røde Kors med målsetnad om at fleire elevar skal klare å fullføra vidar


Norsklærar Camilla van Veen skal hjelpa deltakarane på Røde Kors sin sommarskule til å forbetra norskkunnskapane sine.

- Røde Kors leksehjelp har me hatt sidan 2002 på alle skulestega barn-, ungdom og vidaregåande. Mange elevar har etterspurt dette tilbodet også i skuleferiar. Sommarskulen er nytt av året og difor eit pilotprosjekt her i Bergen, opplyser Karianne Frønsdal i Hordaland Røde Kors.

Fullteikna
Saman med Marianne Håland ved Opplæringsavdelinga i fylkeskommunen har Frønsdal fått på plass denne vidareutviklinga av leksehjelpa der friviljugdom og det offentlege jobbar tett saman. Fylkeskommunen støttar prosjektet med 250.000 kroner. Dette gir eit gratis sommarskuletilbod til 25 elevar, fordelt med 15 på matematikk og 10 på norsk. Sommarskulen var fullteikna, og ingen melde forfall.

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune føretok den offisielle opninga av Hordaland Røde Kors sin friviljuge sommarskule måndag 25. juni. Han overrekte ein fylkesvimpel til prosjektleiar Alice Walgermo og Frønsdal.

Etter frukosten introduserte Walgermo faglærarane Geir Mjaavatn og Olav Lee frå Årstad vidaregåande skule og andre friviljuge frå Røde Kors som tek seg av matteundervisninga. Camilla van Veen frå Fyllingsdalen vidaregåande skule er ansvarleg for norskopplæringa.

Friviljug
- Sommarskulen er eit spennande prosjekt og eit positivt samarbeid med fylkeskommunen, meiner nestleiar Ole Jacob Handal i Bergen Røde Kors. Målet er å få deltakarane gjennom vidaregåande skule med brukbare resultat, så Handal reknar med stor innsats frå både deltakarane og dei friviljuge lærarane.


Prosjektleiar for sommarskulen Alice Walgermo (t.h) presenterar dei friviljuge Røde Kors-medarbeidarane (svarte t-skjorter) og lærarane Olav Lee(matte), Geir Mjaavatn (delvis skjult) og norsklærar Camilla van Veen.

- Det vert også tilrettelagt for sosiale aktivitetar etter skuletid i regi av våre friviljuge medarbeidarar. Dette bidreg også til å gjere sommarskulen til eit attraktivt tilbod. Deltakarane vil sjølv vere med og evaluera sommarskulen, og saman med dei røynslene me får vil me vurdera vidareføring av prosjektet, fortel Frønsdal. Ho er tilretteleggar for leksehjelpa.
 
Tilbodet er gratis, og det er lett frukostservering og varm lunsj for deltakarane og dei friviljuge.

Kort om leksehjelp:
Røde Kors leksehjelp vart etablert i Bergen i 2002. I dag finst 20 ulike Røde Kors leksehjelpstiltak i Hordaland. I fjor utvida Bergen Røde Kors sitt tilbod til også å gjelda elevar i vidaregåande alder. Sidan då har tilbodet til denne aldersgruppa vakse monaleg. Leksehjelpa for elevar i vidaregåande tel i dag 25 friviljuge og vert nytta av kring 50 elevar kvar veke. Hovudvekta av elevane som nyttar seg av tilbodet er minoritetsspråklege, og svært mange av elevane etterspør hjelp med realfaga. Mange av elevane etterspør leksehjelptilbod i ferier.

Røde Kors Leksehjelp skal bidra til at alle elevar i skulen får høve til å ta den utdanninga dei vil, og dermed få praktisera eit yrke som er i samsvar med den einskilde si interesse og evner, uavhengig av kulturell og sosial bakgrunn.

Simon Sortland 25.06.2007 14:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart