
- Eit vedvarande politisk press må til for å få gjennomført prosjektet Nye Vossebanen, konstaterte visekonsernsjef Rolf Roverud i NSB då fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar Gustav Bahus (t.h) i samferdsleutvalet presenterte prosjektet for NSB og media måndag.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg skein om kapp med sola då ho presenterte prosjektet ”Nye Vossebanen” for media måndag 4. juni, med påfølgjande presentasjonstur Bergen-Trengereid-Bergen. Frå NSB deltok mellom andre visekonsernsjef Rolf Roverud og plansjef Tom Ingulvstad.
Storsatsing
- Vossebanen står framfor store utfordringar med omsyn til infrastruktur, vognmateriell, informasjon, marknadsføring, ruteplan og samordning med bussruter. Det er utarbeidd ein rapport om Nye Vossebanen. I rapporten er det peika på tiltak som kan føre til redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet på Vossebanen, opplyser rådgjevar John Martin Jacobsen ved samferdselsavdelinga.
- Alle er samde om at Vossebanen må rustast opp, og me går no saman for å få dette til med ei satsing som vil kosta to milliardar kroner, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
NSB vil kjøpa inn 50 nye persontogsett, den største investeringa i rullande materiell i selskapet si soge. Dei skal erstatta gamle tog, og ta mot aukande jernbanetrafikk.
Fylkespolitikarane Bahus og Selsvold Nyborg gler seg til nye togsett kjem på plass også på Vestlandet. Her i samtale med visekonsernsjef Roverud i NSB og Per Nordmark frå Vaksdal kommune.
Fylkesordføraren meiner det var mykje positivt som kom fram på på presentasjonsturen, særleg at Vestlandet i denne satsinga ikkje skal reise på 2. klasse. Denne gongen kan flunkande nye lokaltogsett bli sett inn i trafikken til Arna, Voss og Myrdal. Turen måndag var i eit togsett frå midten av 1970-talet.
- Det er slutt på tida då me måtte nøye oss med godt brukt togmateriell dei ikkje lenger vil bruka på Austlandet. Å få reisetida ned til under timen, og i moderne togsett, vil gi ei ny tid for strekninga Bergen-Voss. Me ser dette som ei bybanesatsing, som vil vere viktig for utviklinga i lokalsamfunna som grensar opp til traseen, ikkje minst Vaksdal, påpeikar Selsvold Nyborg.
Sjokkmelding
Men det er mørke skyer i horisonten. I statsbudsjettet for 2006 fekk Bergen ei oppstartløyving på 20 millionar kroner til ein del arbeid på stasjonsområdet og førebuing til legging av dobbeltspor til munningen av Ulrikstunnelen på Fløen.
Per Nordmark frå Vaksdal kommune får merksemd frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, visekonsernsjef Rolf Roverud (t.h) og plansjef Tom Ingulvstad i NSB medan Vestlandsrevyen forevigar det heile.
- Framdriftsplanen tilseier 80 millionar kroner. Signalet frå Jernbaneverket er no at vidare arbeid vert utsett i to år, fortel regiondirektør Lars Christian Stendal til Bergens Tidende.
BT: Tek 160 mill. frå Bergen
BT: Mobiliserer for jernbanepengar
Hordaland: Engasjement for Vossebana avgjerande
Brev til Samferdselsministeren