Biskop Ole D. Hagesæther avduka søndag 10. juni ein minnestein over ”Mor si grav” på Voss. Minnesteinen er på grava til Susanna Sivle, mor til Per Sivle som song den fyrste song ved vogga hans.

Biletet viser biskop Ole D. Hagesæther og borna Susanna Eide Kolve og Jostein Ryum som avdukar minnesmerket "Mor si grav", knytt til songen "Den fyrste song eg høyra fekk" av Per Sivle. Steinen er reist over Susanna Sivle, mor til Per Sivle. Ho døydde då han var to og eit halvt år gammal.
Fylkesordførar Torill Selvold Nyborg deltok under avdukinga i samband med 150 årsjubileet for den dramatiske fødselen til diktaren.
I programheftet for avdukinga skriv fylkesordføraren at både som forteljar og som lyrikar skapte Per Sivle verk som generasjon etter generasjon har høyrt og lese med stor glede og takksemd. Diktinga hans kjem frå hjarta, og han har nådd fram til hjarta hjå dei mange som les han.
Sivle har gjort målet og folket i Vossabygdene udøyeleg. Han var ein fornyar på mange felt, innanfor sosial dikting, politisk, historisk og personleg lyrikk. Gjennom samlinga Sogor frå 1887 vart han ein grunnleggjar av nynorsk barnelitteratur.
Ved avdukinga av minnesmerket over Per Sivle ved Voss tinghus i 1957, nytta Olav Midttun desse velvalde orda av Henrik Wergeland om Per Sivle og livsverket hans: Er det ikke Hjertelag, Geni og Ulykke Gud giver Udødelighetens fagreste Kranse?
Eg vil retta ein stor takk til Sivle-laget, som med sitt arbeid gjer ein framifrå innsats for vår felles kulturarv, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Per Sivle var 20 år gammal då han skreiv "Den fyrste song eg høyra fekk" om mora Susanna. Siste verset står på steinen:
"Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar."