Ein forsterka fylkesmodell er ikkje ei tilstrekkeleg løysing, meiner fylkestinget.
Vedtaket er gjort med 34 (5 KrF, 13 Ap, 6 SV, 4 SP, 2 V, 4 H) mot 22 (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) røyster.
Fylkestinget viser til at eit klårt fleirtal av høyringsinstansane i Hordaland ønskjer ein Vestlandsregion.
Fylkestinget ønskjer å få etablert eit sterkt folkevald regionalt nivå som kan ta på seg store samfunnsoppgåver, og som kan vere eit talerøyr for regionen og ei motmakt mot den sterke sentralstyringa vi har i Noreg i dag. Ei slik eining vil styrkja Vestlandet som verdiskapingsregion, og gje eit berte grunnlag til å ta tak i Vestlandet sine utfordringar på landselen sine eigne premissar, meiner fylkestinget.
Avviser forsterka modell
Fylkestinget avviser den forsterka fylkesmodellen. Fylkestinget sitt vedtak:
«1. Fylkestinget er parat til å ta på seg dei oppgåvene som Stortinget gjennom vedtaket sitt 10. mai 2007 har gjeve til fylkeskommunane, og skal løyse desse på ein god måte. Fylkestinget ser likevel ikkje ein forsterka fylkesmodell som ei tilstrekkeleg løysing. Denne modellen vil ikkje gje regionane tyngde nok til å ta over sentrale velferdsoppgåver og vere eit korrektiv til statleg styring.» (Vedteke med 34 (5 KrF, 13 Ap, 6 SV, 4 SP, 2 V, 4 H) mot 22 (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) røyster.)
Fylkestinget vedtok vidare:
Ein samla Vestlandsregion
«2. Fylkestinget viser til at eit klårt fleirtal av høyringsinstansane i Hordaland ønskjer ein Vestlandsregion. Fylkestinget ønskjer å få etablert eit sterkt folkevald regionalt nivå som kan ta på seg store samfunnsoppgåver, og som kan vere eit talerøyr for regionen og ei motmakt mot den sterke sentralstyringa vi har i Noreg i dag. Fylkestinget meiner dette vil styrkje Vestlandet som verdiskapingsregion, og gje eit berte grunnlag til å ta tak i Vestlandet sine utfordringar på landselen sine eigne premissar. Med dette utgangspunktet og i tråd med tidlegare vedtak, vil fylkestinget rå til at det vert etablert ein Vestlandsregion der fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vert ei eining. Alternativet er at Hordaland og eitt av dei to grannefylka vert ein region, men fylkestinget meiner dette vil vere eit veikare alternativ enn å etablera ein samla Vestlandsregion. (Vedteke med 34 (5 KrF, 13 Ap, 6 SV, 4 SP, 2 V, 4 H) mot 22 (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) røyster.)
3. Fylkestinget viser til at regionråda for Hardanger, Sunnhordland og Haugalandet meiner at dei bør høyre til i same regionen, og ber Stortinget og Regjering om særleg å merka seg dette. (Vedteke med 34 (5 KrF, 13 Ap, 6 SV, 4 SP, 2 V, 4 H) mot 22 (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) røyster.)
4. Fylkestinget meiner at Regjering og Storting må vise mot og vilje til å etablere store og sterke regionar på landsbasis, dersom eit stort fleirtal av fylkeskommunane og kommunane i landet ønskjer dette. (Vedteke med 34 (5 KrF, 13 Ap, 6 SV, 4 SP, 2 V, 4 H) mot 22 (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) røyster.)
5. I tillegg til dei oppgåvene som er vedtekne overførte, meiner fylkestinget at:
— Innovasjon Norge sine regionkontor bør bli overførte til regionane, og alle verkemidlane til SIVA bør gå inn i regionale innovasjonsselskap.
— Regionane bør få ansvar for heile regionkontora til Staten Vegvesen.
— Forvaltinga av noverande statlege tilskotsordningar til lokale og regionale kulturtilbod, inkl. museum som ikkje har nasjonal status og som i dag blir delvis finansierte over statsbudsjettet bør overførast til regionnivået. Det same gjeld regionale oppgåver og funksjonar som i dag er lagde til statlege institusjonar. Det bør skje ei klårgjering av ansvaret innan kulturminneforvaltinga.
— Regionane bør på sikt få ansvar for drift av spesialisthelsetenesta og den spesialiserte sosialtenesta (barnevern og rusvern).
— Det er i dag uklårt kva som ligg av overføring av oppgåver innan miljøfeltet. Regionane bør få eit utvida ansvar på dette området, innanfor eit statleg regelverk.
Fleire av desse oppgåvene vil krevje større regionar enn i dag, og overføring av oppgåver kan gjerast avhengig av at det blir etablert landsdelsregionar.»
(Vedteke med 34 (5 KrF, 13 Ap, 6 SV, 4 SP, 2 V, 4 H) mot 22 (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) røyster.))
Vil erstatta fylkesmannen
Etter forslag frå Harald Hove (V) vedtok fylkestinget slikt punkt 6: «Fylkestinget meiner at fylkesmannsembetet må avviklast i si noverande form og erstattast av eit organ med sikte på å ta over klage, kontroll og tilsyn.»
Hove sitt forslag vart vedteke med 35 røyster (V, Frp, Sp, H, KrF, uavh).
Andre forslag
Fremskrittspartiet føreslo at fylkestinget skal gå inn for ein tonivåmodell der kommunane får overført oppgåver. I den grad det framleis skal vera ein trenivåmodell føreslo Frp at dagens fylkesinndeling ikkje vert endra. Forslaget fekk 22 røyster (13 Frp, 2 RV, 6 H, 1 uavh.) og fall.
Terje Kolbotn (RV) føreslo at fylkestinget skal vedta ein forsterka fylkesmodell der dagens grenser vert oppretthaldne, evt. med mindre justeringar. Forslaget fekk berre RV sine to røyster pluss SV sine 6 røyster til eitt av punkta i forslaget.