Nye produkt og tenester på område der Hordaland har særlege føremoner vert prioritert i VRI-satsinga. Bilete er henta frå eit marin workshop.
Med Hordaland fylkeskommune i spissen har fylket, næringslivet og forskingsmiljøer i Hordaland gått saman og definert fylket sine innsatsområde innanfor forsking og utvikling retta mot energi, maritime næringar og reiseliv.
Gjennom VRI får Hordaland nå eit nytt grep for å fremja samspel mellom næringsliv og forsking for å utvikla nye produkt og tenester i Hordaland.
I førarsetet
- Med dette tek regionale mynde sjølv eit sterkare grep om forsking og innovasjon. Dei set her sine eigne mål for innovasjons- og forskingsarbeidet. Dette gjer dei gjennom eit breitt samarbeid og spleiselag mellom regionale og nasjonale mynde, næringsliv og forskingsmiljøer, seier statssekretær Inge Bartnes i Kommunal- og regionaldepartementet.
- Gjennom VRI-programmet kjem Hordaland fylkeskommune og Regionalt Næringsforum i førarsetet for å tilretteleggje samhandlinga mellom dei ypparste forskingsmiljøa og dei sterkaste bedriftsmiljøa i vår region, seier sekretær for styringsgruppa, Jone Engelsvold ved strategi- og næringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
VRI-programmet (Verkemiddel for regional FoU og innovasjon) skal fremje kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping gjennom regional samhandling mellom bedrifter og FoU-institusjonar. Det vert også lagt vekt på å knyte tette band til nettverk- og systemverkemidlar som programma Arena, Norwegian Centres of Expertise (NCE) og Regions of Knowledge.
Norwegian Centres of Expertise (NCE) Subsea sin ROV-simulator på VilVite-senteret. VRI-programmet skal fokusera på samarbeidet mellom næringsliv, forskingsmiljø og fylkeskommunen.
Regionalt næringsforum Hordaland (RNF), der fylkeskommunen er saman med sine viktigaste samarbeidspartnarar og verkemiddelaktørar, har hatt ansvaret for å senda den første søknaden frå Hordaland til NFR om deltaking i VRI.
Storsatsing
Totalt skal det satsast over 280 millionar kroner på regional nyskaping i Norge i løpet av dei neste tre åra. Forskningsrådet har for dei neste tre åra forplikta seg til å løyva 142 av millionane som skal brukast i denne regionale investeringa i innovasjon. Eit tilsvarande beløp skal satsast av næringsliv og fylkeskommunar. Prosjekta startar opp like over sommaren.
- Dette er ei førebuing i høve overføringa av oppgåver til regionane som regjeringa tek sikte på gjennom forvaltningsreforma. Her vil regionane si rolle i forskinga vere ein viktig del, seier statssekretær Inge Bartnes.
VRI er eit langsiktig program på heile 10 år, frå 2007 – 2017. Det betyr at ein kan revidera innsatsen og satsingsområda undervegs. Det samla budsjettet for alle fylka er 22 millionar for 2. halvår 2007. For 2008 og 2009 er det venta at budsjettet for VRI vil vere vesentleg høgare.

VRI programmet føreset 50 prosent regional medfinansiering. Det kan vere både fylkeskommunale midlar og eigeninnsats frå forskingsinstitusjonar og bedrifter. For 2007 søkte Hordaland om 2,2 millionar kroner og seks millionar kroner i 2008. Søknaden vart sendt 15. mai og det er venta at sjølve arbeidet med VRI vil kunne kome i gang frå august 2007.
Dei fylka som får pengar i denne omgang er Finnmark, Rogaland, Agderfylkene, Møre og Romsdal, Vestfold, Hedmark/Oppland, Østfold, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei andre fylka vil ha høve til å koma inn i ordninga til hausten.
Reiseliv er eit av satsingsområda. Bilete er teke på Folgefonna.
Styrkar samhandlinga mellom forsking og næringsliv
KRD: 14,7 millioner til regional nyskaping i Hordaland