Fylkestinget tilrår bompengesøknaden for Bømlopakken med ein maksimal bompengedel på 313 mill.kr (2005 kr). For å oppnå ein slik bompengeandel vert det opp til Bømlo kommune å finna løysingar for manglande bompengeinntekter med enten auka bompengesatsar, fleire bomstasjonar eller lengre innkrevingstid.
Fylkestinget går inn for at det vert lagt opp til ei prioritering av statlege riksvegmidlar og fylkesvegmidlar i samsvar med søknaden. Vidare legg fylkesutvalet til grunn at utbyggingstiltaka i bompengepakka til ei kvar tid må tilpassast dei samla inntektene.
Bømlopakken har ei samla investeringsramme på 595 mill.kr (2005 kroner), fordelt med 540 mill. kr til riskvegar og 55 mill. kr til fylkesvegar. Tiltaka som det er aktuelt å gjennomføra er basert på ei utgreiing frå 2002, ”Vegplan for Bømlo – Bømlopakken”.
Fylkestinget sitt vedtak vart gjort med 35 (H, KrF, Ap, Sp, V) mot 22 (Frp, SV, RV, uavh) røyster.
Fremskrittspartiet fremja forslag om at Bømlopakken må gjennomførast, men utan bompengefinansiering og fullt ut finansiert med statlege midlar. Forslag fekk 22 røyster (Frp, SV, RV, uavh) og fall.
Jakob Bjelland (Sp) sette fram forslag at fylkestinget ikkje kunne tilrå den skisserte plasseringa av bompengeinnkrevinga. Like eins at fylkestinget skulle be Bømlo kommune plassera ein eller fleire bomstasjonar internt i kommunen for å tilfredsstilla vilkåret om at dei som har nytte av prosjektet også skal betala bompengar. Forslaget fekk 11 røyster (6 SV, 2 RV, 3 Sp) og fall.