Fylkesdelplan skal utgreia seks alternativ for hamn i Bergensområdet

Fylkestinget har vedteke at seks alternativ skal vera med i det vidare utgreiingsarbeidet for hamn i Bergensområdet.

 Områda er: Lundaneset i Sund kommune, Flesland i Bergen kommune, CCB på Ågotnes i Fjell kommune, Vindeneskvarven i Fjell kommune, Mongstad i Lindås kommune i tillegg til dagens hamneterminal på Dokken/Nøstet.

Vedtaket vart gjort med 55 mot 2 (V) røyster.
Venstre ville ikkje ha med Flesland i det vidare utgreiingsarbeidet.

Fylkestinget meiner at utgreiinga om moglege ekspansjonsområde for Bergen hamn gir eit godt grunnlag for vidare arbeid med lokalisering av eit framtidig hamneområde for Bergensområdet.

Fylkestinget ber om at det blir lagt fram sak om oppstart av ein fylkesdelplan med konsekvensutgreiing for ei ny hamn for Bergensområdet med ulike lokaliseringsalternativ.

Fylkestinget går inn for at dei fem tilrådde lokaliseringsalternativa saman med null-alternativet vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med eit planprogram. Når det gjeld Flesland som aktuell lokalisering føreset fylkestinget at Bergen kommune sluttar seg til at det alternativet skal vere med i den vidare prosessen. Fylkestinget føreset vidare at Bergen og Omland havnevesen gir sin tilslutning til det vidare planarbeidet.

Stanley Hauge 16.06.2007 09:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart