- På Bergensbanen har veksten i godstrafikken dei siste fire åra vore på 80 prosent. Dersom ikkje dobbeltsporet Bergen-Fløen blir realisert så raskt som mogleg, er eg redd for at veksten i godstrafikken vil stoppa opp. Ein full stopp vil ramme næringslivet i Bergen og føre til fleire trailerar på vegen mellom Oslo og Bergen. Fleire trailerar vil føre til auka utslepp av klimagassar, påpeikar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Prioritert tiltak
Jernbaneverket vurderer å utsetje arbeidet med dobbeltspor Bergen–Fløen med to år slik at anlegget no vert stansa opp og ny oppstart først kjem i gang tidlegast i 2009. Dette er ikkje i samsvar med tidlegare vedtak og oppstartsløyving på 20 millionar kroner gitt i statsbudsjettet for 2007. Signalet frå leiinga i Jernbaneverket kjem også så tidleg at det kan innebere at vidare planlegging av prosjektet vert stansa.
Fylkesordføraren held fram at dobbeltsporet Bergen-Fløen er eit prioritert tiltak i prosjektet om Nye Vossebanen som fylkeskommunen har teke initiativ til. Vossebanen står framfor store utfordringar med omsyn til infrastruktur, vognmateriell, informasjon, marknadsføring, ruteplan og samordning med bussruter. I rapporten er det peika på tiltak som kan føre til redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet på Vossebanen.
Løftebrot
- På eit debattmøte om høgfartsbanar i Bergen i 15. februar i år lova statssekretær Steinulf Tungesvik ei meir rettvis fordeling av jernbanepengane i Noreg. Signala frå Jernbaneverket om å utsetje dobbeltsporet Bergen-Fløen er det stikk motsette av det Tungesvik lova tidlegare i år, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Ho har no sendt brev til samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Fylkesordføraren ber Navarsete syta for at arbeidet med dobbeltspor Bergen-Fløen vert gjennomført i samsvar med Stortinget sitt vedtak.
Brev til samferdselsministeren