«Flower power» i Ulvik sentrum på Verdas miljøverndag

Hjeltnes gartnarskule i samarbeid med Ulvik herad pynta på Verdas miljøverndag 5. juni opp sentrum i Ulvik med blomar. «Eit blømande Brakanes» kalla dei prosjektet.

Gartnarskuleelevane Monika Norekvål og Renate Nordpoll pyntar ved kyrkja i Ulvik.Markerte Verdas miljøverndag
5. juni er Verdas miljøverndag. Markeringa i år har hatt «is som smeltar» som tema. Hjeltnes gartnarskule har i lag med Ulvik herad markert verdas miljøverndag på sin måte.

«Eit blømande Brakanes»
Heradet og skulen har gått i lag om eit prosjekt dei har kalla «Eit blømande Brakanes». Brakanes er namnet på sentrum i Ulvik. Kontakt mellom skule og (nærings)livet ikring er viktig for at elevane seinare lettare skal kunna gli inn i yrkeslivet. Dette samarbeidet er såleis fint i tråd med Kunnskapsløftet,

Gartnarskuleelevane Monika Norekvål og Renate Nordpoll pyntar ved kyrkja i Ulvik.

Samarbeid
Ulvik herad betaler for blomar, jord og ulike blomsterkassar. Elevar og lærarar ved Hjeltnes gartnarskule har stått for det faglege arbeidet som vil seia planting, gjødsling og utplassering. Motor i prosjektet har vore Andrid Solaas Innset, lærar og leiar for Grønt kompetansesenter på Hjeltnes.

Blomstra som aldri før
Tysdag 5. juni vart blomsteraksjonen gjennomførd i praksis. Aldri har vel sentrum i Ulvik blomstra opp på så kort tid! Og sjølvsagt hadde vergudane skjøna alvoret med å ta vare på  miljøet både på den eine og andre måten, slik at dei støtta aksjonen med godt vêr!

Steinar I. Bergo, Hjeltnes gartnarskule 08.06.2007 08:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart