Dagskolen overført frå Årstad til Åsane

Eit samrøystes opplærings- og helseutval i Hordaland tilrår å overføre Dagskolen ved Årstad videregående skole til Åsane videregående skole. Dette for å samle all undervising innan kriminalomsorga under felles leiing, slik at opplæringa blir heilskapleg o

Overføringa skal skje frå skulestart til hausten. Eit mindretal på seks i utvalet: Ap, SV, Sp, og RV fremja eit tilleggsforslag om å opprette tilbod og følgje spesielt opp dei som eventuelt skulle miste skuletilbodet sitt etter denne omlegginga. Desse forslaga fekk seks røyster og fall.

Av saksførelegget går det fram at Hordaland fylkeskommune har lange røynsler med opplæring innan kriminalomsorg etter modell der ansvaret er delt mellom to skolar: Åsane har undervisinga under soning, mens Årstad har undervisinga etter at fengselsopphaldet er over. Røynslene syner at denne ordninga i liten grad sikrar samanheng i opplæringa i overgangen frå soning til frigang/ferdig soning.

Åsane videregående skole har lange røynsler frå opplæring under soning og har etablerte samarbeidsrutinar med einingane i fengsla. Med ny organisering får dei og ansvaret for opplæringstilboda for lauslatne. Av saksførelegget går det fram at samtlege elevar ved Dagskolen skal få fullføre opplæringa si i ei form som er tilpassa den enkelte.

Saka blir endeleg vedteke av fylkesutvalet torsdag 21. juni.

Bjarte Brask Eriksen 19.06.2007 15:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart