
Delegasjonen frå Buskerud fekk orientering om integreringsarbeidet til Hordaland fylkeskommune: Prosjektleiar for Hordalandsmodellen, Liv Tvilde Laading (framme f.v.), Håvard Sporastøyl (Buskerud) og Joril Christensen (Hordaland fylkesutval). Bak f.v.: Prosjektleiar Petter Borthen ved Opplæringsavdelinga i Hordaland, Kåre Henning, konst. næringssjef i Buskerud, Amarjit Singh (Buskerud), prosjektleiar og fylkeskultursjef Åse Klundelien (Buskerud) og Knut Erik Hovde (Buskerud) (foto: Bjarte Brask Eriksen).
Betre integrering og inkludering
Målet til Buskerud fylkeskommune er å lage ein handlingsplan for betre integrering og inkludering av innvandrarar.
– Administrasjonen er pålagt å lage ein slik handlingsplan etter vedtak i fylkestinget. Vi har sett ned ei administrativ gruppe som skal leggje fram forslag til handlingsplan, seier Åse Klundelien som er leiar av gruppa.
Hordalandsmodellen er tydeleg
Ein viktig del av arbeidet med handlingsplan er vitjinga i Hordaland fylkeskommune.
– Vi har vore hos IMDI i Oslo, Nav i Buskerud og Drammen kommune, der vi vart tilrådd å sjå på kva Hordaland har gjort. Drammen kommune har gode røynsler med bruk av Hordalandsmodellen, kurs i tverrkulturell forståing og brukt Hordalandsmodellen til å lage strategiar. Hordalandsmodellen er tydeleg. Den stiller krav og lærer om rettar. Den er eit godt døme og er viktig for oss. No er vi komne hit for å lære meir om arbeidet som Hordaland har gjort, seier Klundelien.
Orientering
Prosjektleiar for Hordalandsmodellen, Liv Tvilde Laading, tok mot delegasjonen frå Buskerud. Ho tok delegasjonen med til Mottaks- og kompetansesenteret for integrering av innvandrarar og flyktningar (MOKS) i Bergen kommune for å få orientering om deira arbeid. I tillegg til seg sjølv, orienterte prosjektleiar Petter Borthen i Opplæringsavdelinga og fylkespolitikar Joril Christensen om arbeidet i Hordaland fylkeskommune.
Same problem i begge fylke
Klundelien opplyser at Buskerud har akkurat same problem som Hordaland med stort fråfall av minoritetsspråklege elevar i den vidaregåande skulen.
– Vi har fått ni millionar kroner av fylkestinget til å redusere fråfallet i dei vidaregåande skulane. 22 prosent av alle barn i Drammen er innvandrarar, og 17 prosent av alle i Drammen er innvandrarar. Fråfallet er større hos innvandrarar enn etnisk norske. Ungdom overvurderer ofte sine eigne språkkunnskapar. Vi skal satse på betre norskundervising. Vi vil og vurdere å bruke mentorar og framandspråklege lærarar. Vi skal ta betre vare på innvandrarane. Bruk av tolk er viktig. Det har vi ikkje tenkt på før. Det vi har gjort til no er å ha kontakt med innvandrarorganisasjonane. No skal lage handlingsplan og få til samarbeid med kommunane i Buskerud.
Finne tiltak som verkar
Åse Klundelien seier dei skal studere nøye handlingsplanen til Hordaland fylkeskommune.
– Det blir viktig å finne fram til tiltak som verkar. Vi vil og vurdere å få ekspertar frå Hordaland fylkeskommune til å kome til Buskerud og ha forelesing for oss. Handlingsplanen vår skal vere ferdig i september, så skal den til politisk handsaming, seier fylkeskultursjef og prosjektleiar Åse Klundelien.
Meir informasjon på nettsidene til Hordalandsmodellen