Ti profesjonelle skulptørar frå ni ulike land skal arbeida i Vognhallen på Osøyro frå måndag 26. juni til laurdag 6. juli. Skulpturane dei skapar er selde usett på førehand. Det blir også kurs for "amatørskulptørar" som arbeider i det offentlege rom rett ved sida av dei profesjonelle, kurs for "amatørmålarar" og eit eige prosjekt for støyping av skulptur i bronse.