10 mill. kr til skuleopprusting

Hordaland fylkesutval har fordelt om lag 10 mill. kr til utbetringstiltak og opprustingsarbeid ved dei vidaregåande skulane. Løyvinga fordeler seg med 2,65 mill. kr til miljøtiltak, 0,75 mill. kr til energiøkonomiseringstiltak og 6,5 mill. kr til inneklim

 Største einskildløyvinga er 4 mill. kr til prosjekt ved Odda vidaregåande skule.

Miljøtitak
Midlane til miljøtiltak går til prosjekt ved desse skulane: Hjeltnes gartnarskule 1,6 mill. kr, Norheimsund vidaregåande skule 250 000 kr, Odda vidaregåande skule 500 000 kr , Fyllingsdalen videregående skole 100 000 kr og Øystese gymnas 200 000 kr.

Enøk-tiltak
Til energiøkonomiseringstiltak  ved Rubbestadnes vidaregåande skule er det løyv 750 000 kr.

Inneklimatiltak
Inneklimatiltak skal gjennomførst ved desse tre skulane: Bergen maritime videregående skole 1 mill. kr, Odd vidaregåande skule 4 mill. kr og Bergen katedralskole 1,5 mill. kr.

Pressemelding frå fylkesutvalet 21. juni (rtf-fil)

 

 

Stanley Hauge 21.06.2007 16:05
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart