Utvidar ordninga kulturkort for ungdom

Prøveordninga kulturkort for ungdom er monaleg styrka for 2007 for å innlemma nye fylkeskommunar. Hordaland fylkeskommune er tildelt 200.000 kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet for å styrka og vidareutvikla prøveordninga fylket starta opp 10. januar

Eit kulturkort sikrar ungdom billege billettar til eit breidt spekter av kulturarrangement. Fylkeskommunen skal sjølv ta ansvar for administrasjon, utforming og gjennomføring av prøveordninga med kulturkort.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå ungdomane, og ikkje minst er det gledeleg at kulturlivet har slutta opp om tiltaket ved å gi gode rabatter til Kulturkort for ungdom, seier nestleiar Ronny Skaar ved kultur- og idrettsavdelinga.

Fylkeskommunane i Rogaland og Østfold starta opp prøveordninga med kulturkort i 2006. Hordaland starta opp si prøveordning 10. januar i år. Prøveordninga gjennomførast i andre fylker med oppstart innan 1. oktober 2007.

Kulturkort for ungdom

Simon Sortland 13.07.2007 08:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart