|
han ville ha beina sidan han var ein fagperson og verka å vere interessert. Tannlegen tok delane av hovudskallen med seg, men møtte lite interesse for funna på Odontologen. Han har hatt beina på kontoret sitt etter dette. Det er sannsynlig at mannen i Kilen har trudd at tannlegen var ein representant frå museet; han vart i alle høve sett på som ein fagperson med tilknyting til Universitetet i Bergen. Historia om at Bergen Museum har fått inn hovudskallen stemmer derfor ikkje, og forklarar kvifor Bergen Museum ikkje kan finne noko slikt i sine magasin. Avisoppslaget i Os- og Fusaposten førte til at Hordaland fylkeskommune ringde tannlegen og det vart gjort avtale om at han skulle levere funna inn.
Fylkeskommunen si undersøking I midten av mai i år reiste arkeologane Elizabeth Warren og Kjersti I. Vevatne ved kultur- og idrettsavdelinga til Kilen, saman med osteolog Anne Karin Hufthammer frå Bergen Museum. Føremålet med turen var å undersøke om der var anna daterbart materiale i hellaren i form av trekol, kulturlag eller gjenstandsfunn. Ein ville også ta inn eventuelle skjelettdelar som var synlege for å sikre at desse ikkje vart forstyrra. På veg til Fusa var vi innom tannlegen og henta beinmaterialet han har hatt på kontoret sitt.
Store flyttblokker Skottahola er ei hole som er danna av store flyttblokker. Her er fleire stader svært trongt, og berre barn kan komme seg fram. Over hola er der ein heller; taket i hola er med andre ord golvet i helleren. Det er her beina er funne. Det vart grave ei prøverute i helleren der vi fann eit lag med trekol. Ei prøve av trekolet er no til analyse for datering. Det vart også funne ein nagle som kan vere forhistorisk. Det vart tatt inn noko meir skjelettmateriale. Beina låg laust på steinane; tydeleg lagt dit den siste månaden då folk hadde vore i hellaren og leita etter bein. Vi tok også inn nokre bein som låg laust mellom steinane. Det vart ikkje grave djupare i hellaren etter fleire bein.
Datering Bergen Museum sende inn datering på skjeletta og dateringsresultata er klare. Vi har å gjere med minst fem ulike vaksne individ, og dei levde for 1900 til 1500 år sidan, dvs. i eldre jernalder. Vi kan dermed slå fast at funna og Skottahola er eit automatisk freda kulturminne. Grunneigar kunne fortelje at då han var barn på 70-talet visste dei godt om Skottahola, og han kunne hugse at der var bein i sjølve hola som ligg under hellaren. Med bakgrunn i dette må vi tru at alle beina opphavleg har lagt inne i hola, og er blitt flytta opp i hellaren i nyare tid. Dette kan forklara kvifor dei har så liten overdekking, og at dei ligg i så tronge holrom.
Tolking Der er gjort funn av forhistoriske menneskebein i fleire holer og hellerar på Vestlandet, m.a. i Skipshelleren (Vaksdal kommune) og Ruskeneset (Bergen kommune). Holer og hellerar har vore brukt til å bu i, og i mange av dei er det tjukke og rike kulturminnelag med funn av reiskapar og matavfall. Dette er så langt ikkje påvist i Skottahola og vi må tru at staden primært er blitt nytta som ein gravplass i eldre jernalder. Lika har truleg vorte plasserte inne i hola, og mykje tyder på at dei ikkje vart gravne ned.
Gravskikk Gravskikken i eldre jernalder elles er nokså varierande. Lika kan vera både brende og ubrende, lagt i haug, i røys, eller ikkje blitt markert. Det er ikkje ukjent at folk i eldre jernalder er blitt gravlagd i hellarar og holer, men vi har så langt ikkje mange slike funn. Funna frå Kilen i Fusa er i så måte svært spennande og kan gi oss ny kunnskap om kva folk tenkte og trudde om livet og døden i forhistorisk tid. |