
Malin Charlotte Snarberg og Marte Simonsen Hauge (tv) var dei første som fekk sjå og prøva den nye berbare elev-pcen Hordaland fylkeskommune utstyrer alle sine førsteklassingar i den vidaregåande skulen med frå denne hausten av. BT dekka markeringa på fylkeshuset. torsdag.
For ein tusenlapp i eigenbetaling får kvar elev disponera PCen alle utdanningsåra sine i vidaregåande.
- Det er ei super ordning, og det er ikkje dyrt heller. No gler eg meg til skulestart, seier Malin Charlotte Snarberg. Ho og venninna Marte Simonsen Hauge har begge søkt seg inn på Bergen Handelsgymnasium til hausten. Torsdag var Sandsli-jentene spesielt invitert av fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen for å markera Hordaland si historiske datasatsing i den vidaregåande skulen.
- Best i landet
- Me starta for fleire år sidan med å byggja opp infrastrukturen i skulane våre, og har fått på plass straumtilgang og trådlaust breiband. No er alt klart til å møta den nye digitale skulekvardagen. Og, det beste av alt er at me stolt kan slå fast at Hordaland fylkeskommune har den beste elev-pc ordninga i landet, slår Nilsen fast.
- Å få infrastrukturen på plass der alle pc-ane er på same nett er eit stor føremun. At eleven berre må ut med ein eigendelen på 1000 kroner for alle tre åra er noko de også har grunn til å vere stolte over. Hordaland fylkeskommune er eit føredøme på dette feltet i dag, og me er glade for å ha blitt vald som leverandør, seier regiondirektør Einar Vaage i Ementor Norge AS.
Kontrakten har ein estimert verdi på 25-30 mill. kroner. I følgje Vaage er det ei av dei største slike kontraktane både i Noreg og Skandinavia.
Fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (t.v) og regiondirektør Einar Vaage i Ementor Norge AS signerar den historiske avtalen som innleiar den nye digitale skulen i Hordaland.
Over 30 mill. kr årleg
I løpet av dei neste to åra vil alle elevar i dei vidaregåande skulane ha eigen berbar PC kjøpt av fylkeskommunen. Fylkestinget vedtok denne satsinga på møtet i mars.
Årleg kostnad med å utstyra førsteklassingane med berbare PCar er kalkulert til 32-33 mill. kroner. Av denne kostnaden vil eigenbetaling frå elevane dekka knapt 7 mill. kr. For fylkeskommunen kostar denne satsinga ca. 26 mill. kr i året. Av denne summen vert 20,8 mill. kr dekka av rekneskapsoverskotet i 2006 og 5 mill. kr frå avsette IT-midlar på 2007-budsjettet.
Fylkestinget vedtok i juni å setja av 20,8 mill. kr av 2006-oveskotet til finansiering av elev-PCar i 2008.
Trådlaust nett
Alle dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune vil til skulestart hausten 2007 ha trådlaust nettverk. Med trådlaust nettverk kan lærarar og elevar bruka PCen kvar som helst i alle dei vidaregåande skulane, utan fysisk oppkopling
Straumforsyninga til berbare PCar er derimot ikkje trådlaus. For å sikra straumtilgangen når alle elevar og lærarar tek i bruk berbare PCar, vert det i løpet av kort tid i 2007 installert 10 000 kontaktar ved dei vidaregåande skulane. Fylkestinget løyvde 20 mill. kr av 2006-overskotet til opprustinga.
Likt for alle
- Eit viktig poeng med pc-ordninga er at den skal vere lik for alle elevane, uansett økonomisk evne, syn og hørsel, understrekar Nilsen. Mellom anna føl det med høyretelefonar til dei som treng det. Ein pc-ryggsekk er også del av utstyrspakken.
Ein stolt augneblink i fylkeskommunen sin skulehistorie - innføring av elev-pcar. Frå venstre Nilsen, Hauge, Snarberg, Søviknes og Vaage.
- No når den offentlege vidaregåande skulen tilbyr berbar pc til ein så god pris, er det meir forlokkande enn privat, fortel Snarberg.
- Ja, og me brukar allereie pcar til mykje skulearbeid. Å få ein heilt ny berbar når me byrjar i første vidaregåande gler me oss til, seier Hauge.
- Å ta igjen dei private skulane på dette feltet var nettopp eit av kronargumenta våre for å gå inn for dette initiativet, legg fylkestingsrepresentant Terje Søviknes til.
- Eit anna viktig poeng for oss er tryggleiken, og me har laga eit sett nettreglar me kallar nettiquette for å unngå uheldige episodar, supplerer opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.