Tysdag 10. juli kl. 10.00 er førsteinntaket til vidaregåande skular i Hordaland klart på www.vigo.no. Svarfrist er måndag 23. juli klokka 23.59.
Vi oppmodar alle til å svare på internett om dei tar imot plassen eller ikkje. Svarfrist for dette første inntaket er 23. juli kl. 23.59 om kvelden når ein brukar internettsvar.
Her kan du sjekke om du har fått skuleplass: www.vigo.no
For å kunne sjå inntaksresultatet på nettet må ein ha tatt vare på brukar-id og passord som ein brukte ved innsøking. Det går og brev til søkjarane om tildelinga av skuleplass. I dette brevet vil og brukar-id og passord vere opplyst.
Sjølv om ein kan returnere svardelen på meldingskortet, er den sikraste måten å svare på å registrere svar på nettet. Her kan ein og endre svaret sitt heilt til svarfristen går ut. Dersom det blir sendt både skriftleg og elektronisk svar er det berre elektronisk svar som vil vere gyldig. Uansett bør det berre sendast ein type svar.
Spørsmål til Inntakskontoret kan gjerast på e-post; postmottak.inntak@post.hfk.no eller på telefon 55 23 94 60 mellom klokka 08.15 og 12.45 måndag til fredag.
Personlege førespurnader til Inntakskontoret, Fylkeshuset, Agnes Mowinckelsgt. 5, Bergen mellom 08.00 og 12.45 måndag til fredag.