Inntaket til vidaregåande skular klart

Første omgang av inntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland er klart. 18.370 elevar har søkt plass på 46 skular. 553 søkjarar med ungdomsrett har ikkje fått tilbod i denne omgang, men opplæringsdirektøren understrekar at alle søkjarar med ungdomsre

Brev til alle
Det blir sendt ut brev til alle søkjarane om inntaksresultatet, men søkjarane kan sjølv sjå kvar dei har fått plass ved å gå inn på internettadressa www.vigo.no.  På same adressa kan dei svare på om dei tek imot tilbodet om plass, og om ein framleis vil stå på venteliste til andre skular/kurs som er søkt.

Nærare 18.000 elevplassar
Inntaket til dei vidaregåande skolane i Hordaland omfattar 46 skular og nærare 18.000 elevplassar.  Det har meldt seg totalt 18.370 søkjarar, av desse har 17.172 formell rett til vidaregåande opplæring, såkalla ungdomsrett.

Stor oversøking
Sjølv om talet på søkjarar og plassar samsvarar godt er det likevel mange kurs om har relativt stor oversøking, mens det til andre tilbod er færre søkjarar enn det er plassar.  Slik må det vere når inntaket omfattar 1045 klassar innanfor 150 ulike kurs.

Sterkast press i Bergen
Det er også stor skilnad på samsvar mellom plassar og søkjarar i dei ulike distrikta i Hordaland.  Det er sjølvsagt sterkast press på skulane i Bergen, og det er også i denne regionen ein finn flest søkjarar utan plass etter 1. inntaksomgang. I alt står 384 søkjarar med ungdomsrett utan plass i Bergensregionen etter 1. inntaksomgang.  Dette er likevel 75 færre enn til same tid i fjor.  Til saman er det 553 søkjarar med ungdomsrett i Hordaland som ikkje får tilbod etter 1.inntaksomgang.  Dette er ein nedgang på 119 søkjarar  samanlikna med 2006.

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld understrekar at alle søkjarar med ungdomsrett skal få eit tilbod om utdanning før skulestart.  Dei aller fleste av desse vil få plass på det dei sjølv har søkt, men det er likevel ein del søkjarar som må vurdere andre skule-/kurstilbod i løpet av sommaren.  Inntakskontoret vil hjelpe til med å finne tilfredstillande tilbod også til denne elevgruppa.

Tilpassa auken i ungdomskulla
Når ein veit at det er ca. 600 fleire elevar som var ferdige med ungdomsskulen i år enn i fjor, ser ein at skuletilbodet i Hordaland er vel tilpassa den store auken i ungdomskulla som ein har i fylket, særleg i Bergensregionen.
Sunnhordlandregionen er den delen av Hordaland som har best samsvar mellom søkjartal og elevtal.  Berre 28 søkjarar med ungdomsrett står utan skoletilbod i denne regionen etter 1. inntaksomgang.

Nedgang til restaurant- og matfag
Det er elles, jamt over, liten endring i søknadsmønsteret til vidaregåande utdanning. Likevel ser ein i år at nedgangen i søkjartalet til restaurant- og matfag held fram, og er no så pass mykje mindre at ein har måtte leggje ned klassar.  Tilsvarar finn ein nedgang innanfor helse- og sosialfag, men her er ein meir vande med at søkjartalet går litt opp og ned.

Stabilt for tradisjonelle yrkesfag
Elles er det stabile søkjartal til dei tradisjonelle yrkesfaga.  Problemet er at elevane vel svært smalt når dei skal spesialisere seg.  Dette gjev seg uttrykk i store søkjartal til mellom anna brønnteknikk og køyretøy, mens andre utdanningsvegar der det er stor trong for arbeidskraft, blir førte opp med lågare prioritet.  Ved tilbod om inntak på lågare prioritert kurs skjer det ofte at eleven ikkje tar imot tilbodet, og dermed kan store fagfelt slite med å få tak i arbeidskraft seinare.

Tre inntaksomgangar
Totalt er det tre inntaksomgangar til vidaregåande skular.  Svarfristen for å svare på 1. inntaksomgang er 23. juli.  Deretter er det nytt inntak 3. og 15.august.  Skulestart for dei vidaregåande skulane i Hordaland er 20. august, og røynslene viser at det også er ein del elevar som får plass ved ledige plassar etter skulestart.

Ta kontakt
Opplæringsdirektøren oppmodar dei som ikkje har fått plass etter første inntaksomgang om å ta kontakt med Inntakskontoret i løpet av juli for å få informasjon om sjansane for inntak på det som er søkt.  Kanskje er det slik at interessene har endra seg etter at søknaden vart registrert, og at ein no kan tenkje seg ei anna utdanning?  Inntakskontoret vil gje informasjon i heile sommar til dei som vender seg dit.

Bruk e-post
Opplæringsdirektøren oppmodar elles om at ein brukar e-post for å ta kontakt med Inntakskontoret i staden for å stå i telefonkø på fine sommardagar.  E-post adressa som skal nyttast er postmottak.inntak@post.hfk.  Her er det ein svargaranti på 24 timar på kvardagar og 48 timar i helgene.

10.07.2007 11:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart