38 nominerte på nytt
38 av dei noverande representantane er nominerte på nytt til haustens val. Alle dei 13 fylkestingsmedlemmene til Fremskrittspartiet står på lista. Arbeidarpartiet har renominert 8 av 13, Høgre 6 av 11, Sosialistisk venstreparti 5 av 6, Kristeleg folkeparti 2 av 5, Senterpartiet 2 av 4 og Venstre og Raud valallianse har kvar renominert 1 av 2. Pensjonistpartiet sin representant, no uavhengig, er ikkje nominert på nytt.
Personlege stemmer kan avgjera
Kor mange av dei 38 renominerte som vert attvalde, vil vera avhengig av endringar i oppslutninga om partia. For at kandidatar som har hamna eit stykke ned på listene skal skyva ut kanidatar høgare på lista, må dei få personlege stemmer frå minst 10 % av dei som røystar på lista.

Fylkestingsmøte i Bergen kongressenter.
Fremskrittspartiet
Alle dei 13 medlemmene til Fremskrittspartiet er nominerte på nytt. 12 av dei er mellom dei 16 første på lista. Oddvar Tvedten på 24. plass er den som er nominert lågast.
Av dei ti første på Frp-lista er fire kvinner, dobbelt så mange som for fire år sidan.
Dersom Frp får like mange representantar som sist val, vil ni av dagens 13 vera sikra attval. Gjer partiet eit betre val enn sist vil fleire koma inn att, då noverande representantar står på 14-16. plass.
Arbeidarpartiet
Av Arbeidarpartiet sine 13 fylkestingsmedlemer går desse ut: Bente Krokeide, Hans Erik Ringkjøp, Trond Hjelmeland, Runar Erstad Slethei og Natacha Vallebona Rivera. Tordis Nysæter som er nominert på 18. plass går truleg også ut.
Høgre
Fem av dei 11 i Høgregruppa går ut av fylkestinget: Kjellaug Holm, Svein Egenberg, Mette N. Sætre, Inger Sjong tek ikkje attval og står ikkje på lista til haustens val. Johan A. Andersen på 15. plass er avhengig av stor framgang for Høgre eller mange personlege røyster for å koma inn att.
Eli Årdal Berland på 10. plass og Arne Havnerås på 11. plass kjem inn med same valresultat som i 2003.
Sosialistisk venstreparti
Av dei fem renominerte på SV si liste, vert truleg berre Mette Holmefjord Olsen (nr. 1) og Kim Størsken (nr. 2) attvalde. Liv Glasser står ikkje på lista og går ut. Jorge Del Pino (nr. 8), Bjørn Lothe (nr. 18) og Ingvild Hakestad (nr. 58) er nominerte på nytt, men berre mange personlege stemmer kan sikra dei attval.
Kristeleg folkeparti
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesutvalsmedlem Pål Kårbø toppar lista til 2007-valet. Oddvar J. Jensen, Grethe Lunde og Filip Rygg er ikkje nominerte på nytt, og går ut av fylkestinget.
Senterpartiet
Mangnar Lussand og Bente Bondhus er nominerte på dei to første plassane til haustens val. Anbjørg R. Hjellestad og Jakob Bjelland går ut av fylkestinget.
Venstre, Raud Vallallianse og Pensjonistpartiet
Harald Hove toppar Venstre-lista også i år. Ingebjørg Winjum er ikkje renominert. Sunniva F Schultze-Florey toppar RV-lista, medan den andre representanten – Torstein Dahle – ikkje står på lista i år.
Turid Sveen, som vart valt inn for Pensjonistpartiet og no er uavhengig, går ut av fylkestinget.
Vallister
Du kan finna informasjon om fylkestingsvalet, med lister over alle kandidatane, på internett:
http://www.hordaland.no/val2007