
Årstad videregående skole har fått ein Volvo til ein halv million kroner som komande bilmekanikarar skal få skru på: Verksmeister Rune Nilsen i Autoteknikk AS (f.v.), avdelingsleiar Oddvar Eikemo og studieretningsleiar Thorleif Holm bak rattet. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Heilt skrapa
– Marknaden er heilt skrapa for bilmekanikarar. Dette gjer vi både for å rekruttere lærlingar til bilmekanikaryrket og for at dei som tek utdanninga skal få opplæring på det siste nye og ikkje 10-15 år gamle bilar, seier verksmeister Rune Nilsen i Autoteknikk, som saman med Volvo Norge har gitt ein fullt utstyrt Volvo S40T5 med 225 hestekrefter til køyretøyutdanninga ved Årstad videregående skole.
Moderne utstyr
– Vi skal utdanne mekanikarar for morgondagens bilar. Difor må elevane få opplæring på moderne utstyr, seier ettermarknadsdirektør Steinar Solheim i Jæger Automobil AS som saman med Toyota Norge har gitt ein simulator til 150.000 kroner til Slåtthaug videregående skole. Ein del av summen har Slåtthaug videregående skole sjølv betalt, men avdelingsleiar Stig Haldorsen opplyser at dei aldri hadde greidd å kjøpe så dyrt utstyr berre med skulen sine pengar.
Godt samarbeid
Avdelingsleiar Oddvar Eikemo på Årstad er svært glad for dette gode samarbeidet mellom skulane og næringslivet.
– Avtalen er slik at vi får ny bil kvart femte år. Dermed får elevane alltid opplæring på det siste nye, seier Eikemo.
Lærlingar
Verksmeister Rune Nilsen seier at dei får ein gevinst som følgje av gåva.
– Når vi får lærlingar som har fått utdanning på dette utstyret, slepp vi å ha introduksjonsprogram på vårt utstyr. Lærlingane har alt på skuen lært å bruke utstyret, seier Nilsen som reknar med å rekruttere ein til to lærlingar i året. Jæger skal i sommar ta inn fem lærlingar.
48 elevar
Årstad og Slåtthaug tar i år opp to klassar kvar på VG2 køyretøy med totalt 48 elevar. Søknaden er så stor at dei kunne tatt opp dobbelt så mange elevar. Søkjarane kjem frå grunnkurset VG1 teknikk og industriell produksjon. Når elevane har gått desse to åra på vidaregåande skule, kan dei søkje læreplass og bli bilmekanikar etter to år. Ein del vel og å gå tredje året på skulen for å få studiekompetanse.

Slåtthaug videregående skole har fått ein Toyota-simulator til 150.000 kroner: Steinar Solheim, ettermarknadsdirektør Jæger Automobil AS (f.v.), avdelingsleiar Stig Haldorsen og faglærar Jon Skogstrand.