Forsøk med fadderordning på fem vidaregåande skular

Fem vidaregåande skular i Hordaland skal få ei fadderordning når skulane er i gang att etter sommarferien. Det er Os gymnas, Slåtthaug videregående skole, U. Pihl videregående skole, Bjørgvin videregående skole og Bergen handelsgymnasium.

Elevar som har engasjert seg for å få til fadderordning er: Wibecke Hope (Elevorganisasjonen, f.v.) Steinar Sælemyr, Slåtthaug videregående skole, Kristine Sandal Smaadal, Os gymnas, Anne Grönquist, Os gymnas, Therese Monsen, U. Pihl videregående skole og Tobias Otnes Brattebø, Bjørgvin videregående skole.
Elevar som har engasjert seg for å få til fadderordning er: Wibecke Hope (Elevorganisasjonen, f.v.) Steinar Sælemyr, Slåtthaug videregående skole, Kristine Sandal Smaadal, Os gymnas, Anne Grönquist, Os gymnas, Therese Monsen, U. Pihl videregående skole og Tobias Otnes Brattebø, Bjørgvin videregående skole. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Elevorganisasjonen og elevråda ved dei fem vidaregåande skulane er engasjert i saka.
 – Vi er positive til å få dette til og skal lage eit bra opplegg. Første året blir det ikkje perfekt. Det blir viktig å få administrasjonen på skulane med oss. Vi er avhengige av at skulane stiller opp, seier Kristine Sandal Smaadal og Anne Grönquist ved Os gymnas.

Hindre fråfall
Initiativtakar til fadderordninga er Petter Borthen som på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune har laga ei rapport om fråfall av minoritetselevar. I rapporten skisserer Borthen at fadderordning kan vere eit verkemiddel for å hindre fråfall. Men Borthen understrekar at fadderordninga skal gjelde alle elevar som byrjar på dei fem vidaregåande skulane til hausten, og ikkje berre minoritetsspråklege.

Modell
– Vi skal lage ein modell for fadderordning. Det vil bli ulike opplegg tilpassa dei forskjellige skulane. Vi håpar å få til ein del aktivitetar som kan gjere elevane kjent med kvarandre og lette overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Dette er det einaste forsøket i landet på å lage ei felles fadderordning, understrekar Petter Borthen.
 Kristine Sandal Smaadal og Anne Grönquist håpar at opplegget blir så bra at elevane held saman både i skuletida og på fritida.

Bjarte Brask Eriksen 11.07.2007 14:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart