Kultur- og kyrkjedepartementet har innvilga 3,5 millionar kroner i investeringstilskot til andre byggjesteget av fellesmagasin for musea i Hordaland i 2008.
Kultur- og kyrkjedepartementet gjer merksam på at dei ikkje legg tidlegare kostnader for kjøp og vedlikehald av bygningen til grunn for utrekninga av det statlege tilskotet. Museumssenteret i Salhus søkte om pengar i 2005 og 31. januar i år til andre byggjesteget.
Tilskotet vil verta gjeve frå avsetjinga til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur, innanfor kulturdelen av overskotet frå Norsk Tipping AS. Departementet gjer vidare merksam på at midlane først vil vera tilgjengelege etter årsmøtet i Norsk Tipping AS i april 2008.
Tilsegna byggjer på at prosjektet kan verta gjennomført og fullfinansiert innanfor ei
ramme på 3,5 millionar kroner frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Museumssenteret i
Salhus har ansvar for å arbeida ut prosjektet slik at det kan gjennomførast innanfor den
finansierte ramma.
Tilskotet vil verta utbetalt i samsvar med framdrifta og likviditetsbehovet i prosjektet etter oppmoding frå Museumssenteret i Salhus.