Vil ha nytt senter for klimateknologi til Hordaland

Fylkesutvalet i Hordaland meiner det er sjølvsagt at kompetansemiljøa i Hordaland får ta del i utviklinga av den teknologi som skal nyttast på Mongstad for å fange og lagre CO2, og krev at eit eventuelt senter for klimateknologiutvikling vert lagt til Hor

Bakgrunnen for fråsegna er at regjeringa i samband med konsesjonen for bygging av energiverk på Mongstad, har gjort avtale med Statoil om å etablera eit selskap på Mongstad som skal stå for fanging, transport og lagring av CO2.

Bjerknessenteret
Fylkesutvalet viser i fråsegna si til at Noregs klimasenter er i Bergen. Bjerknessenteret for klimaforskning er den største forskingsgruppa innan klima i Noreg, har høg international status og peika ut som eit Senter for Fremragende Forskning i Noreg. Det er viktig at ein byggjer vidare på den kompetansen dette tunge fagmiljøet representerer.

CO2-handtering
Fylkesutvalet i Hordaland har som mål å etablere Mongstad som knutepunkt for CO2-handtering i Noreg og etablering av næringsklynger for ny miljøvenleg teknologi i samband med dette.

 Forslaget til fråsegn vart sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet (rtf-format)

Stanley Hauge 25.01.2007 17:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart