Viktig for Hordaland at det går godt for Noreg

For Stortinget vil den største utfordringa i 2007 vera å balansera presset i økonomien slik at ikkje rente og kronekurs fyk i veret. Eg trur det viktigaste for Hordaland det komande året vil vera at det framleis går godt for landet sidan industrien og eks

Akselsen trekte fram at då 20 000 industriarbeidsplassar forsvann i løpet av ti månader i 2002-03, var Hordaland eitt av dei fylka som vart verst råka.

Stortingskollega Torbjørn Hansen (H) støtte Akselsen fullt ut i dette synet.

Som eit stort eksportretta industrifylke er det viktig for Hordaland at me har ei balansert økonomisk utvikling i landet, sa stortingsrepresentant Olav Akselsen.

Som eit stort eksportretta industrifylke er det viktig for Hordaland at me har ei balansert økonomisk utvikling i landet, sa stortingsrepresentant Olav Akselsen.

Jondalstunnel, energiverk og kraftliner
Å få på plass Jondalstunnelen, bygging av gasskraftverk med CO2-handetering på Mongstad og regionreforma, var saker som Akselsen trekte fram som viktige for Hordaland det komande året.

Han påpeika at me treng meir og ny energi i Hordaland og støtta BKK sine planar om meir bruk av naturgass. Å sikra tungindustrien kraftforsyning til fornuftig pris er viktig og eit kolkraftverk med CO2-reining på Husnes passar godt inn med kraftverksutbygging på Mongstad og Kårstø, meinte Akselsen.

Akselsen var skeptisk til Statnett sine planar for ny høgspentline mellom Sima og Samanager. Denne saka kan me ikkje la Statnett avgjera åleine. Også i denne saka fekk han støtte av Torbjørn Hansen (H) som meinte at det må verta ein ny debatt om kraftliner og miljøomsyn, der det sistnemnde må vektleggjast meir.

Regionreforma
Vestlandet vil stå sterkare ved at me opptrer i lag med våre naboar sør og nord enn at me skal kjempa mot dei. Det vil styrkja oss om me kan stå saman i ein region, sa Olav Akselsen i ein kommentar til regionreforma.

Handlekraftig Vestlandsregion
Eg har aldri lagt skjul på at eg ønskjer meg ein stor og handlekraftig Vestlandsregion.  Skal vi sjølve kunne bestemme vår utvikling, må landsdelen sjølv kunne styra utviklinga på viktige område - som næringsutvikling, samferdsle, kultur og arealplanlegging, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i sitt opningsinnlegg på konferansen.

Det regionale politiske nivået kan då vera eit sterkt korrektiv og ei motmakt til statleg styring. Eg trur dette er naudsynt for å styrkja regionen vår og interessa for regionen, slik at tyngdepunktet blir flytta vekk frå Oslo-området.

Inviterer naboane
Eg kjem til å invitera til dialog med Rogaland og Sogn og Fjordane for på nytt å prøva å leggja grunnlaget for ein Vestlandsregion. Hordaland må gå i front i denne saka. Vi kan ikkje stola på at andre tar leiartrøya på, sa Selsvold Nyborg.

Stord-ordførar Magne Rommetveit støtta fylkesordføraren og Akselsen fullt ut i synet på regionreforma. Det må verta eit reform der heile landsdelen veks, ikkje berre ein forsterka fylkeskommune eller ei rein storbyreform.

Mongstad-utbygging
Eit hovudtema på konferansen var utbygginga på Mongstad med kraftvarmeverk og anlegg for CO2-handtering.

Dette er eit nasjonalt og globalt prosjekt, men også lokalt ved at det kan leggja grunnlag for den største industriutviklinga i Hordaland på lange tider. Hordaland må gripa denne sjansen! Her ligg det store oppgåver for leverandørindustri, teknologiutvikling og forsking. Målet må vera gjera Hordaland til ein av verdas leiande regionar for utvikling og implementering av teknologi for CO2-rensing, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Ei rekkje andre representantar understreka det same og støtta fylkesordføraren fullt ut.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sitt innlegg (pdf-format)

Det marine og maritime Hordaland
Fiskebåtreiar Inge Halstensen, Fiskebåtredernes forbund, trekte fram at det er viktig ta vare på den posisjonen Bergen har som eit globalt kraftsenter i marin forsking. Han støtta fullt ut planane Universitetet i Bergen og samarbeidspartar har om å gjera Marineholmen til Europas marine hovudstad.

Halsteinsen trekte også fram at et det er viktig å ivareta Hordaland sine interesser og posisjon i norsk fiskeri- og oppdrettsnæring i den strukturomlegginga som ein står overfor i denne sektoren. Og dersom ikkje det skjer lempingar ved innføringa av NOX-avgift for fiskeflåten varsla han at Bergen hamn kan koma til å verta blokkert i løpet av våren.

Atle Kvamme frå Maritimt forum ynskte at ein ved neste nyttårskonferansen sette maritim næring på temalista. Bergen er med over 40 reiarlag heilt i verdsklasse i denne næringa med 16 milliardar kroner årleg i omsetning. No trengst ei kraftig nyrekruttering av unge for å oppretthalda norsk sysselsetjing på båtane.

....litt betre enn i 2007
 Målet vårt må vera å levera Hordaland frå oss i 2008 litt betre enn me fekk det til låns i 2007, sa fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen då han oppsummerte nyårskonferansen.

Med 80% av nasjonalformuen knytt til den kompetansen nordmenn har, så er det ingen tvil om at det viktigaste arbeidet i det komande året er å stadig forbetra og kvalitetssikra utdanninga vår, understreka fylkesvaraordføraren.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen sitt innlegg (pdf-format)

Lenkjer til oppslag i media
Biskopen går god for gasskraftverk (Bergens Tidende)

Bispeja til Mongstad (nrk hordaland)

Viktige utfordringer for Hordaland i 2007 (Bergen næringsråd)

Stor mangel på sjøfolk (nrk hordaland)

Tekst og foto: Stanley Hauge 05.01.2007 15:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart