Valen Vaskeri vert selt til Nor Tekstil Service AS for 9,2 mill. kr, har Hordaland fylkesutval vedteke. Salet vert gjennomført ved at Nor Tekstil Service AS tek over Valen Vaskeri si verksemd, det vil seia maskinar, utstyr, driftsmidlar, kundeavtalar m.m.
Valen Vaskeri AS vil såleis framleis eiga bygning og tomt. Det vert inngått ein avtale med Nor Tekstil Service AS om leige av lokala til vaskeridrifta. Årleg leigesum er sett kr 600.000.
Ti mot fem
Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med 10 (H, Frp, KrF, V, Sp) mot 5 (Ap, SV) røyster.
Oppgjer pr. 1. februar 2007
Valen Vaskeri AS vil sitja att med om lag 7,4 mill. kr etter at all ekstern gjeld er oppgjort, heiter det i saksutgreiinga. Fylkeskommunen tek på seg ansvaret for pensjonspliktene på oppgjerstidspunktet 1. februar 2007. Desse kostnadene er på om lag 0,5 mill. kr.
God avtale
Fylkesrådmannen vurderer den tilrådde avtalen som god for fylkeskommunen. Den sikrar framhaldande drift på Valen samstundes som den gjev økonomisk utteljing for fylkeskommunen. Nor Tekstil AS har også ved tidlegare høve kjøpt opp offentleg eigde vaskeri og vist at dei satsar på å vidareføre drifta på oppkjøpsstadene.
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet (rtf)