Ungdommen har programmet klart

Ungdommens fylkesting i Hordaland har som mål å auke samfunnsengasjementet til barn og unge og å fange opp deira synspunkt på saker om ungdom i fylket. Gjennom Ungdommens fylkesting har ungdom høve til å medverka og påverka politikkutforminga i fylket og

Jan Arthur Nilssen er leiar av Ungdommens fylkesting i Hordaland. Kristiana Stokken (t.v.) og Maren Helene Bøe er komiteleiarar.
Jan Arthur Nilssen er leiar av Ungdommens fylkesting i Hordaland. Kristiana Stokken (t.v.) og Maren Helene Bøe er komiteleiarar. (foto: Stanley Hauge).

Ungdommens fylkesting (UFT) på Bergen Airport Hotell 5. november samla ungdom mellom 15 - 20 år frå heile fylket og vedtok samrøystes Handlingsprogram for 2007. Viktige arbeidsområde vert helse, rådgjeving, elevdemokrati, samferdsle og kultur.

Ungdommens fylkesting sitt Handlingsprogram for 2007 femnar breitt og peikar på viktige satsingsområde for ungdomspolitikarane det komande året. Likskap, rettferd og økonomi er sentrale stikkord.    

Skulemiljø og læring
UFT meiner at skulebøker skal vere gratis. Skulebøker skal finansierast gjennom ei stipendordning. Stipendet skal ikkje behovprøvast, og UFT stiller seg positiv til reklamefinansierte læremiddel. UFT går inn for å styrkja sidemålsundervisninga frå grunnskulen av, og går inn for ei prøveordning med valfritt sidemål i Bergensregionen.
 UFT går imot offentleggjering av karakterar, men vil ha innført lærarevaluering i den vidaregåande skulen.
 UFT vil framheve det viktige samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane og næringslivet. Dette samarbeidet er særleg viktig for dei yrkesfaglege studieretningane, men også i allmenne kurs bør næringslivet trekkjast inn som fagleg kompetanse eller sponsorar.
 UFT meiner det er gale å slå saman skular på bakgrunn av økonomiske innsparingar, då dette ikkje er til eleven sitt beste. Det må løyvast meir pengar og vere ei tettare oppfølging for vedlikehald av offentlege bygg, som vidaregåande skular.

Kultur- og ungdomskort
Ungdomskortet gjeld i dag på alle bussar, lokaltog, ferjer og Kystbussen i Hordaland. Ungdomskortet må også gjelde på nattbussar, meiner UFT. Ungdomskortet bør gjelde frå den dagen ein fyller seksten år, og ut den månaden ein fyller 20. Dette bør også gjelde for alle elevar i den vidaregåande skulen, uansett alder. Prisen på ungdomskortet, som i dag er på 330 kr, bør gå ned ytterlegare. (Fylkestinget har no vedteke kr 295,00 som ny pris frå 1.8.2007.)
 UFT vil gå inn for at skuleskyss skal gjeninnførast i Hordaland, og at ungdomskortet si utviding og prisreduksjon ikkje skal gå på kostnad av  prinsippet om gratis skuleskyss.
 Ungdommens fylkesutval (UFU) vil arbeida for at det skal bli fleire rusfrie tilbod for ungdom i fylket og samstundes oppretthalda eksisterande alkoholfrie samlingsstader for ungdom. Det er også ynskjeleg med eit kulturkort som kan brukast på kulturtilbod i kommunane i fylket. UFU vil arbeida med å fremje internasjonalt arbeid.
 
Helse- og rådgjevingstenesta
UFT meiner at alle skular skal ha minst ein rådgjevar, og denne skal vere tilgjengeleg kvar dag. Helsesøster skal ha sitt eige kontor med faste tider, både dag og klokkeslett, på skulen.
UFU vil arbeida for elevane si psykiske helse i skulekvardagen, at tilgang til «psykisk hjelp» skal betrast. UFU vil også arbeida for nulltoleranse mot mobbing i skulen.
 UFT vil sikra lik handtering for alle skular og elevar vedkomande gjeldande fråversreglement, og betra handsaminga av fråversdokumentasjon.

Sunnare mat og elevdemokrati
UFT går inn for å gje elevar på den vidaregåande skulen eit sunnare mat- og drikketilbod på skulen. Til dømes ved å kjøpe inn vassmaskinar og selje frukt og annan sunn mat til rimelege prisar. Det er viktig at det sunne tilbodet ikkje blir dyrare enn den usunne maten og drikken.

For å stimulera til auka aktivitet i elevstyrte organ går UFT inn for å gje aktive elevar ei godtgjering for tida og arbeidet dei legg ned. Det kan vere i form av tilleggspoeng, ekstra timar på vitnemålet eller liknande. Pengar eller materielle gode er heilt uaktuelt som godtgjering. Kvar kommune og bydel bør ha eit ungdomsråd som skal ha medverknad på saker som vedkjem ungdom.

Ungdommens fylkesutval
Desse vart på tingseta 5. november 2006 valt til medlemer av Ungdommens fylkesutval, arbeidsgruppa til Ungdommens fylkesting: Jan Arthur Nilssen (leiar), Cathrine Elisabeth Schjelderup (nestleiar). Styremedlemer: Solveig Maria Nes, Anders Toft, Tonje Vevle, Maren Helene S. Bøe, Solveig Apelthun, Thomas Frølich, og Kristina Stokken.

Informasjon om Ungdommens fylkesting og meir om dei som er valde til medlemer i Ungdommens fylkesutval

Handlingsprogram for Ungdommens fylkesting for 2007

Heimesida til Ungdommens fylkesting


Leiar av Ungdommens fylkesting, Jan Arthur Nilsen, orienterte Hordaland fylkesting om handlingsprogrammet under tingseta på Bergen Kongressenter 13. desember.
Leiar av Ungdommens fylkesting, Jan Arthur Nilsen, orienterte Hordaland fylkesting om handlingsprogrammet under tingseta på Bergen Kongressenter 13. desember. (foto: Stanley Hauge)

Simon Sortland/Barbera Harterink 05.01.2007 13:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart