Ubåtvraket ved Fedje må hevast

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ber Regjeringa om at ubåtvraket ved Fedje, lasta med 65 tonn kvikksølv, vert heva og kvikksølvet handtert på land.

– Både lokalt på Fedje og regionalt er oppfatninga at tildekking ikkje er noka fullgod løysing, kanskje berre ei utsetjing i tid før nye tiltak må til. Me vil ikkje kjenna oss heilt trygge før kvikksølvet er fjerna frå havet. Kort sagt – ubåtvraket må hevast og kvikksølvet handterast på land, skriv fylkesordføraren i brev til Fiskeri- og kystdepartementet.

Spiskammera våre
 – Kvikksølv er ei farleg miljøgift som vert teken opp i næringskjeda. Kvikksølvutslepp i den storleik som ubåtvraket representerer, kan gje uante konsekvensar for fisk og skaldyr og dermed også for fiskeri- og oppdrettsnæringane. Me må gjera alt me kan for å unngå at kystområda våre og Nordsjøen, spiskammera våre, vert utsette for slik ureining, heiter det i brevet frå fylkesordføraren. – Me må handla slik at sjømaten vår, som er viktig både til innanlands bruk og til eksport, ikkje kjem i vanry.

Internasjonalt
– Det er stor interesse internasjonalt for korleis me handterer og løyser dette miljøproblemet. På bakgrunn av at eit kvikksølvutslepp ved Fedje, dersom så gale skulle skje, kan få konsekvensar i store delar av Nordsjøen er denne merksemda heilt naturleg, seier Selsvold Nyborg. Og vidare:

Rydja hjå oss sjølv
– Så sterkt som me her i landet står på barrikadane for å få andre nasjonar til å stoppa miljøureining som trugar vårt land (Sellafield), må me syta for å gjera jobben grundig når me sjølv har problemet.

Tildekking ikkje fullgod løysing
Fylkesordføraren avsluttar brevet slik: – Me ser fram til at Regjeringa innan kort tid, slik det er lova, skal gjennomføra tiltak for å sikra havmiljøet rundt ubåtvraket. Både lokalt på Fedje og regionalt er oppfatninga at tildekking ikkje er noka fullgod løysing, kanskje berre ei utsetjing i tid før nye tiltak må til. Me vil ikkje kjenna oss heilt trygge før kvikksølvet er fjerna frå havet. Kort sagt – ubåtvraket må hevast og kvikksølvet handterast på land.

Stanley Hauge 05.01.2007 11:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart