Støtte til Vossebana

Jernbaneverket stør prosjektet ”Modernisering og revitalisering av Vossebana” med 100.000 kroner.

I svarbrevet til fylkeskommunen uttalar regiondirektør Lars Christian Stendal at Jernbaneverket er positive til arbeidet. Dei trur det kan vere eit nyttig prosjekt for ei banestrekning som regionen ser på som eit satsingsområde. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg seier ho er glad for at Jernbaneverket føl opp arbeidet med økonomiske midlar.

Fylkesutvalet vedtok i desember i fjor samrøystes å løyve inntil 350.000 kroner til dekking av ekstern bistand i samband med utgreiingsprosjektet om modernisering og revitalisering av Vossebana. Målsettinga med prosjektet er å peike på tiltak som kan føre til redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet på Vossebana. Prosjektet skal vere eit innspel til Nasjonal transportplan 2010-2019.

Prosjektrapporten skal på ein oversiktleg og kortfatta måte presentera Vossebana i dag, visjonar og mål for bana og kva tiltak som kan setjast i verk. Den skal vere ferdig innan 1. februar 2007.

Simon Sortland 26.01.2007 09:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart