Begge fråsegnene, som Torill Vebenstad (Ap) sette fram på vegner av utvalet, vart samrøystes vedtekne i samferdselsutvalet sitt møte 17. januar.
Fråsegn 1:
«Komplett hovuddepot for oljevern på Fedje!
Havariet ved Fedje og oljeutsleppa viser dei omfattande konsekvensane eit havari med tilhøyrande oljeutslepp kan få. Vi står overfor ei miljøkatastrofe som det vil ta langt tid å rydde opp i og som vil krevje store ressursar. Når lasteskipet Server har grunnstøytt utanfor Fedje og bunkersolja kjem inn over land, krev vi rask aksjon frå Regjeringa. Vi må snarast få på plass att oljeverndepotet som vart nedlagt av den førre regjeringa.
Regjeringa har varsla at oljevernberedskapen og depotstrukturen skal vurderast på nytt. Samferdselsutvalet meiner at hovuddepotet på Fedje må reetablerast i tillegg til depotet i Florø. Vi kan ikkje vente på ein gjennomgang av depotstrukturen, det må handlast raskt.
Regjeringa må snarast fatte dei naudsynte vedtak for å få eit operativt, moderne og fullverdig oljeverndepot på plass.»
Fråsegn 2:
«Kvikksølvet frå U-864 må bort frå havet !
Samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune registrerer at Kystdirektoratet tilrår at kvikksølvlasta frå U-864 utanfor Fedje i Hordaland skal dekkjast til, ikkje fjernast.
Vi vil be om at Regjeringa i det vidare arbeidet med saka legg stor vekt på å vurdera løysingar som inneber at kvikksølvet vert fjerna frå havet, for alltid.
Kystverket opplyser at havbotnen der vraket ligg er svært ustabil og rasfarleg. Dette, saman med at jordskjelvfaren i området ikkje har vore vurdert i utgreiingsarbeidet så langt, gjer det endå vanskelegare å akseptera tildekking som eit varig og kvalitativt godt nok tiltak mot forurensinga frå kvikksølvlasta.
Mange er urolege for dei moglege skadeverknadene frå kvikksølvet. For fiskerinasjonen Noreg vil ei negativ utvikling i saka kunne vera til uboteleg skade.
Lokalbefolkninga, fiskeriorganisasjonar, miljøorganisasjonar og eit samla politisk miljø i kommunane og i Hordaland er sterkt kritiske til valet av ei tildekkingsløysing.
Samferdselsutvalet i Hordaland fylkeskommune vil be om at Regjeringa i det vidare arbeidet med saka legg stor vekt på å finna ei løysing som inneber at kvikksølvet vert fjerna frå havbotnen.
Det vil vera den beste garantien for reint hav og for full tiltru til norsk sjømat i framtida.»