
Paneldeltakarane: Avdelingsdirektør Tommy Johansen i NAV (t.v), direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Henning Nordgulen, strategi- og næringsdirektør Jan-Per Styve i Hordaland fylkeskommune, direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge, regiondirektør Tom Knudsen i NHO og debattleiar Kari Amble. (Foto: Simon Sortland)
Det går klart fram av Innovasjon Norge, NAV, NHO, Sparebanken Vest, Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane 2007 som vart presentert i Grand selskapslokaler onsdag. Undersøkinga omfattar 1068 bedrifter i Hordaland og 368 bedrifter i Sogn og Fjordane.
Fulle ordrebøker, enorm vekst i eksporten og stor nedgang i arbeidsløysa skapar optimisme i næringslivet. Men det er nokre skyer på ein elles knallblå næringshimmel. Mellom anna auka belastning på dei som er i arbeid og kvar ein skal finna kvalifisert arbeidskraft.
Føregangsregion
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg la i sin opningstale vekt på at ein må tenkje nytt i kampen om rekrutteringa. Ho meiner Hordaland kan bli den mest innovative regionen på dette feltet.
– Med den store mangelen på arbeidskraft vonar eg at Hordaland kan bli ein føregangsregion for å yta rettferd til innvandrarane sin kompetanse og få dei inn i arbeidslivet, understreka fylkesordføraren.
Selsvold Nyborg peika også på den store auken fylkeskommunen har hatt i formidling av lærlingeplassar. Ho tok dessutan kritikk for det offentlege sin overdrivne bruk av deltidsstillingar.
Utanlandsk arbeidskraft
Avdelingsdirektør Tommy Johansen i NAV tok opp denne tråden i sin presentasjon av Næringsbarometeret. Det syner mellom anna at fleire bedrifter vil auke rekrutteringa av utanlandsk arbeidskraft i år. Johansen peika vidare på alle dei som til ei kvar tid står utanfor den ordinære arbeidsmarknaden, og at desse utgjer ein potensiell ressurs. Det gjeld dei arbeidslause, sjukemeldte, folk på tiltak og særleg deltidsarbeidande som ynskjer å jobba meir.
– Desse utgjer ein reserve bedriftene må freista å gjere meir for å få tak i, meiner han. Næringsbarometeret har undersøkt kva konsekvensar rekrutteringsproblema får for bedriftene, og kva tiltak dei vil setje i verk for å bøta på problema. Det viktigaste vert å finna løysingar på korleis tiltrekka og behalda arbeidskrafta. Det vert eit større press og belastning på dei som er i arbeid, utan at dette til no har auka sjukefråveret i særleg grad. Men bedriftene er også bevisst på dette, sa Johansen.
Globalisering
Regiondirektør Tom Knudsen i NHO peika på at før diskuterte me stengsler i frykt for at me skulle oversvømmast av utanlandsk arbeidskraft, medan me no slit med å få nok arbeidskraft til landet. Det vart også påpeika at ein må sjå meir på totalbehovet til arbeidstakarane frå utlandet og deira familiar, som til dømes internasjonale skular og barnehagar.
– Hordaland er no eksportfylke nummer ein, og globalisering er eit sentralt tema i Næringsbarometeret, sa direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge. Ho tok også opp varmekraftverket på Mongstad, og lanserte draumen om at Hordaland kanskje kan bli den regionen som løyser CO2-problemet.
Regionproblem
Informasjonssjef Kari Amble i Bergen Næringsråd leia paneldebatten etter presentasjonen av Næringsbarometeret der partnarane som står bak presenterte kvar sin bolk. Rekrutteringsproblemet og om det auka arbeidspresset også er eit problem for regionen var hovudspørsmåla paneldeltakarane uttala seg om.
– Det er store skilnadar innan fylket, der dei sterke vert sterkare og dei svakaste svakare. 17 kommunar i Hordaland hadde i 2005 nedgang i folketalet, noko som ofte heng saman med mangel på jobbar. Men det er ikkje berre negativt at sterke bysentra er motorar i næringsutviklinga i regionen, sa strategi- og næringsdirektør Jan-Per Styve i Hordaland fylkeskommune. Han fryktar likevel at dette kan svekka omstillingsevna på sikt.
Tilpasningsdyktige
– Vestlendingane er vane med at det går opp og ned i næringslivet, og har alltid synt god evne til omstilling. Er det noko som er sikkert, så er det at denne høgkonjukturen ikkje vil vara evig, sa direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Vest, Henning Nordgulen.
– IA-avtalen vert ikkje svekka sjølv om kampen om arbeidskrafta hardnar til, for førebygging og vedlikehald av arbeidskrafta vert stadig viktigare i den situasjonen bedriftene er inne i no, påpeika Knudsen.
– Det vert viktig å skapa alliansar i næringslivet, og gjere det ein kan for at folk med kompetanse står lengre i jobbane sine. Ein må bli flinkare til å ta vare på den eldre arbeidskrafta, meinte Broch Mathisen. Ho understreka også at ein bør samarbeida med Rogaland for å bli vinnar i rekrutteringskampen.
Debattleiar Amble avslutta med å spørja panelet om Brann tek seriegull i år. Her var optimismen langt større.