Fylkesutvalet meiner framlegga er prega av gjennomslag for sentrale sektorinteresser framfor heilskaplege regionale interesser, og sterk tiltru til sentral og regional embetsstyring framfor regional folkevald styring. Dette undergrev den tilliten folkevalde regionar må ha for å utøve si verksemd på ein ansvarleg, kraftfull og heilskapleg måte.
Vedteke med 11 mot 4 røyster
Regionane vil vere i stand til å ivareta nasjonale mål og internasjonale forpliktingar innanfor dei politikkområda dei har ansvar for, slik fylkeskommunane har det i dag på sine ansvarsområdar, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak.
Vedtaket vart gjort med 11 (KrF, 2 H, Ap, SV, V, Sp) mot 4 (Frp, 1 H) røyster. Fremskrittspartiet føreslo at ein skal ha ein tonivåmodell i Noreg. Forslaget fekk 4 røyster (Frp, 1 H).
Støttar måla
Fylkesutvalet støtter den grunngjevinga og dei måla stortingsmeldinga gjev for forvaltningsreforma. Det er behov for å styrkje det regionale folkevalde nivået slik at utviklingspotensialet i regionen kan utnyttast til beste for ei heilskapleg utvikling basert på politiske prioriteringar.
Større breidde, men for svakt
Det er positivt at regionane får overført nye oppgåver innan samferdsle, næringsutvikling, miljøvern, landbruk, marin sektor, kultur, regional planlegging, forsking og utdanning. Dei føreslegne endringane vil gje regionane større breidde enn fylkeskommunane har i dag i arbeidet med regional utvikling.
Stortingsmeldinga er likevel altfor svak når det gjeld dei føreslåtte overføringane av oppgåver, verkemiddel og avgjerdsmynde til regionane. Innhaldet i meldinga svarar ikkje til grunngjevinga og måla med reforma.
Større regionar
Fylkesutvalet viser til tidlegare vedtak om regioninndeling, der det m.a. er sagt at fylkestinget vil arbeide vidare med sikte på å få etablert ein ny Vestlandsregion seinast innan 1.1.2010. Større regionar er ei føresetnad for ei rekkje oppgåver, og for at regionane skal vere eit sterkt korrektiv og motmakt til statleg styring. Gjennom kontakt med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Rogaland fylkeskommune må grunnlaget og føresetnadene for å danne ein Vestlandsregion avklarast.
Høyringar sentralt
Hordaland fylkeskommune vil ta aktivt del i prosessen med å fremje vårt syn fram til Stortinget tar endeleg avgjerd. Fylkesutvalet ber fylkesordføraren fremje Hordaland fylkeskommune sitt syn i Kommunalkomiteen si høyring av St. meld. nr 12 (2006-07) den 12. februar.
Høyring lokalt
Det vert lagt opp til ei stor høyringskonferanse medio april med sikte på å få til ei brei deltaking av sentrale aktørar i fylket. Fylkeskommunen vil også ta initiativ til å bringe spørsmålet om framtidig regioninndeling inn i ulike forum der dette er naturleg.
Grenser
Pål Kårbø (KrF) føreslo at fylkesutvalet skulle vedta at grensene for større regionar må bestemmast sentralt slik som ved helsereforma. Forslaget fekk fire røyster (KrF og SV) og fall.
Harald Hove (V) føreslo at for å fremja større folkevald kontroll må spørsmålet om einskapsfylke vurderast nærare. Forslaget fekk Venstre si røyst og fall.