Hild Kristin Morvik (47) er nytilsett prosjektleiar for universell utforming i eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Morvik vil ta til i jobben i mars.
- Det er mange prosjekt i fylkesdelplanen ”Deltaking for alle – universell utforming 2006-2009”. Så det vert spennande å finna ut kva prosjekt ein skal ta tak i, og å måtte levere til både kommunen og fylkeskommunen. Hordaland er jo også pilotfylke i denne samanheng, og er så vidt eg kjenner til åleine om å ha ein slik kombinasjonsstilling med ein kommune, seier Morvik. Ho ser fordelar med slike fellesprosjekt, der ein kan dra vekslar på kvarandre.

Hilde Kristin Morvik er tilsett som prosjektleiar for universell utforming.(foto: Simon Sortland)
Morvik får kontor både i rådhuset og fylkeshuset. Frå yrkesbakgrunnen hennar kan nemnast fem år som sjefsfysioterapeut i Stranda kommune. Ho er utdanna fysioterapeut med mellom anna to mellomfag frå UiO. Morvik har arbeidd med universell utforming og deltok i prosjektgruppa for Bergen kommune si Tilgjengelighetsmelding. For tida held ho på med vidareutdanningskurs om emnet på UMB/NTNU. Morvik vil ha permisjon frå stillinga som arbeidsmiljøkonsulent i Bergen kommune der ho starta i 2001.
Fylkesdelplanen deltaking for alle - universell utforming