Kulturkortet – eit sertifikat til glede!

Kulturkortet som vi lanserer i dag er starten på eit tilbod som vil verta gradvis utvida. Kortet de får er eit sertifikat, eit kulturkort – eit kultursertifikat, der kunsten og kulturen vil gje dykk glede, vera utviklande og gje mange opplevingar, langt m

Kulturkortet er starten på eit tilbod som det er opp til dykk ungdomar å visa er framtidsretta og har livets rett, sa leiar Indrevik, og han karakteriserte hendinga som ein «kunst- og kulturhistorisk dag» for ungdomane i fylket.

Dagen i dag er ein «kunst- og kulturhistorisk dag» for ungdomane i fylket, sa Georg Indrevik – leiar i kultur- og ressursutvalet – då han lanserte gratis kulturkort til ungdom i alderen 16-19 år i Hordaland.

Dagen i dag er ein «kunst- og kulturhistorisk dag» for ungdomane i fylket, sa Georg Indrevik – leiar i kultur- og ressursutvalet – då han lanserte gratis kulturkort til ungdom i alderen 16-19 år i Hordaland.

Den kulturelle skulesekken
Indrevik trekte fram at fylkeskommunen gjennom Den kulturelle skulesekkten har eit tilbod til alle grunnskuleelevane i fylket. Eit tilbod om at dei skal få ta del i profesjonelle kunst- og kulturtilbod på høgt kunstnarisk nivå.

…ungdomstilbod neste
I kultur- og ressursutvalet såg vi at vi – som eit neste steg – også burde gje ungdomane i fylket eit minst like godt tilbod. Eit samrøystes utval gjekk inn for dette.

«Kulturkortutval»
Kultur- og ressursutvalet oppretta eit eige underutval til å arbeida med kulturkortet. Filip Rygg (KrF) er leiar utvalet og han har med seg Natacha Vallebona Rivera (Ap)  og Kim Størksen (SV).

Utvalet har saman med kultur- og idrettsavdelinga stått for detaljplanlegginga og fått kulturkortet på plass. Georg Indrevik retta ei takk til «kulturkortutvalet» og administrasjonen, der rådgjevar Charlotte Espeland har hatt oppdraget, for innsats og godt utført jobb.

Sjå også
Kulturkort for ungdom i Hordaland!

Kulturkort for ungdom 

Tekst og foto: Stanley Hauge 10.01.2007 11:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart