Kulturkort for ungdom vart lansert på Bergen maritime videregåaende skole onsdag 10. januar.
Prøveordning
Prøveordninga gjeld for 2007 og gjev dels gratis tilgjenge og dels gode rabattar på kulturarrangement og til kulturinstitusjonar i heile fylket! Liste med lenkje til institusjonar som er med på ordninga finn ein på nettstaden for kulturkortet.
Korta på veg ut i vidaregåande
Elevar som går på vidaregåande skule i Hordaland vil få kortet gjennom skulen. 21 000 kort er på veg til dei vidaregåande skulane i heile fylket! Elevane vil få korta i løpet av dei nærmaste dagane.
Kort til ungdom som ikkje er i vidaregåande
Ungdom i målgruppa (16-19 år) som ikkje går på vidaregåande skule kan tinga kortet på http://kulturkort.ivest.no eller ta kontakt med Hordaland fylkeskommune på telefon 55 23 90 00.
Personleg kort + legitimasjon
Sjølve kortet er eit personleg plastkort som skal nyttast saman med gyldig legitimasjon. På nettsida http://kulturkort.ivest.no finn ein meir informasjon om kulturkortet.
Formgjeve av elevar
Det er elevar på media og kommunikasjon ved Årstad vidaregåande skule som har laga design til kort, faldar og plakat.
«Kulturkortutval»
Kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen har oppretta eit eige utval til å arbeida med kulturkortet. Filip Rygg (KrF) leier utvalet og han har med seg Natacha Vallebona Rivera (Ap) og Kim Størksen (SV).

Hordaland fylkeskommune sitt kulturkort for ungdom vart lansert 10. januar av leiar i kultur- og ressursutvalet - Georg Indrevik (til høgre), og Filip Rygg (t.v.) som har leia utvalet som har arbeidd med kortet og Natasha Vallebona Rivera som er medlem i «kulturkortutvalet». (Foto: Stanley Hauge.)
Institusjonar som er med på prøveordning
Følgjande institusjonar gjev ungdom med kulturkort billettar til rabattert pris:
- Hordaland Teater
- Bergen filmklubb
- Festspillene i Bergen
- Den Nationale Scene
- Carte Blanche
- Cinemateket USF
- BIT Teatergarasjen
- Bergen Ingernasjonale Filmfestival (BIFF)
- Bergen Filharmoniske Orkester
- Vest Norges Opera
- KABUSO (Gjev gratis tilgjenge på enkelte tilbod)
Følgjande institusjonar gjev ungdom med kulturkort gratis tilgjenge:
- Bergen Kunsthall
- Bergen Sjøfartsmuseum
- Hordaland Kunstsenter
- Museum for musikk og visuell kunst
- Museum Vest
- Norsk Vasskraft- og Industriarbeidstadmuseum
- Stiftelsen 3,14
- Stiftelsen Bymuseet i Bergen
- Stiftinga Hardanger Museum
- Stiftinga Lyngheisenteret
- Stiftinga Sunnhordland museum
- WT Os Internasjonale Filmfestival
Gratis konsertar med Bergen Filhamoniske Orkester i januar og februar:
Som eit lanseringstiltak gjev Bergen Filhamoniske Orkester ungdom med kulturkort gratis konsertar i januar og februar 2007!