I førarsetet for nye Vossebanen

Redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet med moderne togsett er stikkord for prosjektet «Nye Vossebanen». Tysdag presenterte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg rapporten om nye Vossebanen som no er klar for høyringsrunde.

Leiaren i Forum Nye Bergensbanen, vossaordførar Bjørn Christensen, og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg står ved spakane for å promotere Nye Vossebanen inn mot løyvande mynde på Løvebakken. (Foto: Simon Sortland).
Leiaren i Forum Nye Bergensbanen, vossaordførar Bjørn Christensen, og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg står ved spakane for å promotere Nye Vossebanen inn mot løyvande mynde på Løvebakken. (Foto: Simon Sortland).

- Vi kjem kanskje seint, men vi kjem godt. No må vi stå på for å få oppgradert og revitalisert Vossebanen ved å få gjennomført dei naudsynte tiltaka innan 2019. Denne rapporten vil vere eit godt verkty for å få planen inn i Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2010-2019 og pengar over Statsbudsjettet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

To milliardar kroner
Prosjektleiar John Martin Jacobsen ved samferdsleavdelinga i fylkeskommunen fekk klart fram utfordringane til jernbanestrekninga Bergen-Voss-Myrdal. Dagens rutetilbod og materiell tilfredsstiller ikkje moderne krav, kvelds- og helgetilbodet er mangelfullt, og samordninga med annan kollektivtrafikk er langt frå optimal.

- Ein føresetnad for å få dette til er å gjennomføre tiltak for å fjerna flaskehalsen mellom Bergen og Arna, retta opp dårleg kurvatur og få på plass nye og lengre kryssingsspor. Saman med nytt materiell vil investeringar i infrastrukturen på banenettet, kostnadsrekna til 1,8 milliardar kroner, vere nokre av dei viktigaste tiltaka å få på plass for å få realisert Nye Vossebanen, påpeika Jacobsen.

- Den sterke etterspurnaden i anleggsbransjen for tida kan lett pressa kostnadene over to milliardar kroner, seier stabssjef for regionplanlegging Thoralf Otnheim i Jernbaneverket. Dei er ikkje ukjende med dei ulike delprosjekta i den nye rapporten. Otnheim meiner rapporten gir svar på det Stortinget tidlegare har etterlyst.

- Ja, det er dyrt, konstaterer Torill Selsvold Nyborg. Men så har ein del av infrastrukturen lege der sidan banen var ny på 1800-talet, og det er mykje å ta att. Eg meiner likevel det vil svara seg.

Viktig for by og bygd
Fylkesordføraren er inspirert av Stavanger som er i ferd med å få dobbelspor mellom Stavanger og Sandnes. I Trondheim har dei ein plan for lokaltrafikk mellom Lerkendal og Steinkjer. Selsvold Nyborg meiner difor det er på tide Hordaland no gir full gass for Bergen sin forstadsbane.

Ho peikar på at å modernisere og revitalisere Vossebanen er avgjerande for å vidareutvikle dagens Bergensbane, mellom anna å få ned reisetida. Lars Tveit i Bergen kommune konstaterer at pendling på Vossebanen styrkar arbeidsplassane i Bergen. Ordførar Øivind Olsnes i Vaksdal sa han har stor tru på at prosjektet no kan løftast fram, og at det vil svara seg.

- Det er på høg tid at Vossebanen får merksemd i fylket, og fylkesordføraren fortener ros for initiativet, seier han.

Ordførar Bjørn Christensen i Voss rosa og takka også for fylkesordføraren sitt initiativ. Han er oppteken av kva ein moderne og oppgradert Vossebane vil bety for utviklinga i indre Hordaland. Med ei reisetid under timen Voss-Bergen vil ein kunne hindra auka sentralisering, og ledige bustadtomter i Voss og Vaksdal kan verte meir attraktive.

Høyringsrunde
Prosjektet Nye Vossebanen vert presentert på den store jernbanekonferansen i Oslo den 6. mars. Leiaren i Forum Nye Bergensbanen, Bjørn Christensen, har lova fylkesordføraren taletid.

Rapporten om Nye Vossebanen går no ut på ein høyringsrunde der kommunar, reiselivsorganisasjonar, pendlarar og andre interesserte får høve til å uttala seg. Samferdselsutvalet og fylkesutvalet skal handsama saka før Fylkestinget gjer endeleg vedtak i saka 29. mars.

- Dette prosjektet er heilt ulikt noko anna eg har vore borti tidlegare. Alle partar er positive og dreg i same retning, og det kjem i ei tid då alle er opptekne av jernbanen. Slik sett er me kanskje ikkje for seint ute likevel, kommenterer samferdslesjef Magnus Vestrheim i Hordaland fylkeskommune.

www.bt.no/lokalt/hordaland

Pdf-presentasjon Nye Vossebanen

Simon Sortland 31.01.2007 12:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart