
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg heldt opningtalen då næringsbarometeret vart lansert. Foto: Simon Sortland
49 milliardar kroner
I fjor eksporterte Hordaland for 49 milliardar kroner. Dette er ein auke på 28 prosent frå året før. 16 prosent av den totale eksporten frå Noreg går frå Hordaland. Rogaland er det nest største eksportfylket med 30 milliardar kroner i fjor. Rekordhøge prisar på olje, gass, raffinerte petroleumsprodukt, fisk og metallvarer er den viktigaste forklaringa på den store veksten i eksporten.
Frå Polen, Latvia og Estland
Bruken av utanlandsk arbeidskraft aukar sterkt i Hordaland. 30 prosent av bedriftene i fylket har arbeidarar frå utlandet. Flest utlendingar er det i industrien og reiselivet der over 40 prosent av bedriftene nyttar utanlands arbeidskraft. Rekrutteringa skjer i størst grad frå nye EU-land som Polen, Latvia og Estland. Innan transport og varehandel blir det rekruttert flest frå dei andre nordiske landa.
10.000 nye medarbeidarar
50 prosent av bedriftene i Hordaland planlegg å tilsetje fleire i år. Totalt treng bedriftene 10.000 nye medarbeidarar. Størst er behovet innan varehandel med over 2000 nye tilsette. Industrien skal ha 1700 nye og bygg og anlegg 1400 nye.
Skal gi svar
Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane skal gi nokre svar på kva som er status for næringslivet i dei to fylka, korleis marknadsutsiktene for næringane er og korleis investeringar, sysselsetjing og offentleg verksemd påverkast.
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom partnarar som alle medverkar til næringsutvikling på Vestlandet: Sparebanken Vest, NHO, Innovasjon Norge, NAV, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune.
Næringsbarometeret for januar 2007 (pdf-fil)
Heimesida til Næringsbarometeret
Meir om presentasjonen av næringsbarometeret