Tilskotet som skulen til no har fått, fell bort som følgje av den nye privatskulelova.
– Det vil vere for ille om Danielsen vidaregående skole må leggja ned USA-tilbodet sitt på grunn av utilsikta konsekvensar av endringar i friskulelova, skriv fylkesordføraren i brev til kunnskapsministeren.
Må framleis få tilskot
– Eg ber statsråden innstendig om at han i arbeidet med støtteordningar i den nye privatskulelova ikkje vil stengja for slike positive tilbod som Danielsen vgs gir. Det kan til dømes gjerast ved at ein i forarbeida til lova tek inn ei formulering om at forbodet mot kjøp av opplæringstenester ikkje gjeld internasjonale ordningar som alt er godkjende av departementet, heiter det i brevet.
Banebrytande
Fylkesordføraren viser til at den kristne privatskulen i Bergen gjennom 18 år har hatt eit banebrytande og offentleg godkjend internasjonaliseringstilbod til sine elevar gjennom eit utvekslingsprogram med ein skule i USA. Utdanningsdirektoratet har varsla at dette viktige og svært positive tilbodet, som 450 elevar har hatt nytte av så langt, må opphøyra frå skuleåret 2006/2007 som følgje av den nye privatskulelova.
Internasjonal kompetanse
Hordaland treng elevar med den kompetansen eit slikt internasjonaliseringsprogram gir. Ei avvikling vil vere svært uheldig både for elevar, skule, foreldre og regionen i ei tid der internasjonalisering vert stadig viktigare. Like eins å gi dei unge høve til å betra språkkunnskapar, auka kulturforståing og respekt for andre på tvers av etniske og nasjonale skiljeliner. Alt dette er heilt i tråd med føremålsparagrafen til friskulelova og til framlegget til ny privatskulelov, skriv fylkesordføraren i brevet til statsråd Djupedal.
Viktig supplement
Hordaland fylkeskommune har i dag to internasjonale utvekslingsprogram i våre vidaregåande skular, og tilbodet ved Danielsen vgs i Bergen er eit godt og viktig supplement til desse.
Prinsipielt finn eg det diskriminerande at elevar i den offentlege skulen får høve til eit skuleår utanlands utan ekstra kostnad, medan elevar i private vidaregåande skular ikkje får nytta statlege tilskotsmidlar, seier fylkesordføraren i brevet.
Fryktar nedlegging
Utan offentleg tilskot vil eit utanlandsopphald i regi av Danielsen vgs kosta elevane sine foreldre mellom 30.000 og 50.000 kroner. Då vil tilbodet bli for dyrt for svært mange. Dersom Danielsen videregående skole må leggja ned dette tilbodet, er det eit tap for elevane og fylket.