
– Vi har knyta saman bedrifter, høgare utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitusjonar og regionale styresmakter over landegrensene, seier seniorrådgjevar Thore Thomassen som er stolt over at EU-kommisjonen vil vidareføre erfaringane Hordaland har som regional utviklingsaktør. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Detaljar om vidareføringa er ikkje klare enno, men Thomassen opplyser at EU truleg ønskjer at erfaringane som er gjort her på Vestlandet og i dei samarbeidande regionane i Europa skal brukast spesielt til å skape nye bedrifter i dei nye medlemslanda i EU, slik at dei får økonomisk framgang.
Fascinert
– EU-kommisjonen er fascinert av Enable-prosjektet vårt. Det regionale utviklingsprosjektet har vore svært bra. EU-kommisjonen er så nøgd at prosjektet er invitert, som eitt av ni i Europa, til å bli vidareført. Dette er det einaste prosjektet som Noreg er med i, innan regional utvikling, som EU-kommisjonen ønskjer å vidareføre. Førebels er det berre invitasjonen som er komen. Først i mars neste år får vi vite dei nærmare vilkåra og kan svare ja eller nei om vi blir med, seier Thomassen.
Fire regionar
I tre år har Vest-Noreg, dei to fylka Hordaland og Sogn og Fjordane, vore med i det såkalla Enable-prosjektet som går på regional utvikling i fire regionar i Europa. I tillegg til Hordaland og Sogn og Fjordane har Thüringen i Tyskland, Karnten i Austerrike og Kaunas i Litauen vore med.
ENABLE har hatt tre mål: Entreprenørskap, det å skape ei bedrift frå ide til den er oppe og går, nettverksbygging og overføring av teknologi.
Har lært mykje
– Vi har gjennomført 21 prosjekt. 11 bedrifter i Hordaland og 11-12 i Sogn og Fjordane har vore med. Svært mange av dei som er med i prosjekta, held fram samarbeidet vidare innan teknologi, marknadsføring og produktutvikling. Mellom anna har Høgskulen i Bergen hatt samarbeid med høgskular i Tyskland og Austerrike om fagplanar. Dei har lært av kvarandre og tilpassa fagplanane. Tre-fire bedrifter har vore involvert i kvart av dei 21 prosjekta. I tillegg har dei knytta til seg eit ytre nettverk på 300 bedrifter, slik at totalt 400 bedrifter har vore involvert i prosjekta. Dette knyter dei saman over landegrensene, både bedrifter, høgare utdanningsinstitusjonar, forskingsinstitusjonar og regionale styresmakter. Vi har lært mykje. Prosjekta har famna vidt. Vi har fått med prosjekt frå høgteknologi til reiseliv, seier Thomassen.
Endringar
I vidareføringa frå 2007 blir det ein del endringar i prosjektet.
– Målet til no har vore å prøve ut metodar for regional utvikling. No blir vi ikkje lenger eit utprøvingsprosjekt, men eit fast prosjekt som skal vare i heile neste budsjettperiode på sju år i EU, frå 2007 til 2013. Vi går frå å vere eit miniprogram til å bli eit nettverk. ENABLE skal no bli eit verktøy for økonomisk utvikling i regionane. EU ønskjer spesielt å få dei nye EU-medlemslanda med. Eg ser for meg at vi knyter kontakt med så mange som kanskje 20 regionar. Heile EU snakkar om at vi må ha sterke regionar. EU har sett at utviklingskrafta ligg i regionane, understrekar Thomassen.
Har fagkompetanse
Detaljane i korleis vidareføringa skal skje, blir først avklart i mars neste år, men truleg vil EU ha eit smalare program og satse spesielt på entreprenørskap, det å skape nye bedrifter og dermed økonomisk utvikling i dei nye medlemslanda.
– Entreprenørskap går på meir enn å etablere bedrifta. Det er heile prosessen frå ide til bedrifta er moden. Vi har fagkompetanse på gjennomføring av entreprenørskap, seier Thore Thomassen.