Vestlandet sitt flytande bibliotek kan no også besøkjast på nett. Her kan ein følgje bokbåten på tur langs Vestlandskysten gjennom kart, bilete og anna informasjon.
Den felles nettstaden for dei tre vestlandsfylka finn de på www.bokbaten.no
Bokbåtdrifta er eit vestlandssamarbeid mellom fylkeskommunane i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokbåten går til dei små plassane på Vestlandet som elles ikkje har bibliotektenester.
No er det også høve for å besøkje båten på nett. På adressa www.bokbaten.no finn de ein nettstad for bokbåten i dei tre Vestlandsfylka. Her finn de informasjon om bokbåttenesta, rutetider, og kulturprogram. Bilete viser glimt frå bokbåten i drift og frå livet om bord. Nettstaden inneheld også ei kartteneste der ein kan følgje bokbåten frå stopp til stopp langs Vestlandskysten.
Bokbåten starta sin tur i Møre og Romsdal mandag 22. januar, i Sogn og Fjordane 2. mars og i Hordaland 24. mars. Ruteopplysningar for dei ulike fylka blir lagt ut på nettstaden etter som det nærmar seg tid for avgang.