«Korleis få bukt med fråfallsproblemet i vidaregåande skule?» er eit av temaa som skal diskuterast når Elevorganisasjonen for dei vidaregåande skulane i Hordaland har samling 20.-21. januar på Søfteland skole.
20 skular representert
Representantar frå over 20 av dei vidaregåande skulane i Hordaland vert representert på samlinga som er den andre dette skuleåret.
Aktuelle saker
Ved sida av saka om fråfallsproblemet i den vidaregåande skulen, vil det verta lagt vekt på kva de forskjellige elevråda jobbar med, seier leiar Aleksander Lambrechts Solberg i Elevorganisasjonen.
Det vil også verta drøfta korleis det ligg an med lærerevaluering og informert om korleis det ligg an med andre viktige skulepolitiske saker som til dømes berbare PCar.