Museumsfolk frå heile Hordaland og andre gjester var samla ved opninga av den nye delen av Museumssenteret i Salhus måndag.

Opninga vart markert ved at forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen avduka og opna hovudinngangen til bevaringstenestene sine lokale i Museumssenteret i Salhus. Styreleiar for museumssenteret, Sigmund Olsnes, til venstre.

Døra er open, forsvarsministeren kan seia: – Stig på! Ein nøgd styreleiar, Sigmund Olsnes, applauderer.
Over 35 mill. kr er investert
Hordaland fylkeskommune kjøpte i 1998 den delen av tidlegare Salhus Tricotagefabrikk som ikkje alt då var disponert av Norsk Triotasjemuseum og Tekstilsenter. Fylkeskommunen har brukt 8 mill. kr til kjøp av eigedomen, til utvendig istandsetjing av bygningane og ny kai. 1. byggjetrinn av bevaringstenestene har kosta 27,5 mill. kr, slik at det til no er investert over 35 mill. kr ved anlegget. Staten har ytt 15,8 mill. kr i tilskot, resten er hovudsakleg fylkeskommunale midlar.
Fellesteneste for Hordalandsmusea
Bevaringstenesta ved Museumssenteret i Salhus er ei felles konserveringsteneste for musea i Hordaland, sa styreleiar fram til 31.12.2006, Atle Ove Marthinussen, i talen sin ved opninga. Jamvel om bevaringstenestene skal ta på seg oppdrag frå andre både offentlege instansar og private, vil hovudarbeidet vera for musea i Hordaland, påpeika han.
Stor dag for musea
Både av forsvarsministeren, Bevaringstenestene, representantar for musea og andre vart det trekt fram at det er ein «stor dag» for musea at dette konserveringstilbodet er bygd ut og opna ved Museumssenteret i Salhus.
Fungerande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen markerte overleveringa av museumslokala ved å overrekkja ein fylkesplakett til direktør Eirik Småland ved museumssenteret.
Skryt til fylkeskommunen
Hordaland fylkeskommune fekk skryt frå fleire hald for å ha å ha sikra dei gamle fabrikkbygningane til museumsføremål og stått for ubygging av senteret.
«Utan fylkeskommunen sin vilje til å investera og gjennomføra prosjektet, ville dette flotte anlegget ikkje sett dagens lys,» sa Atle Ove Marthinussen. Avdelingsdirektør Randi Ertesvåg frå ABM-utvikling og generalsekretær Tron Wigeland Nilsen i Norges museumsforbund var mellom dei som takka fylkeskommunen.
Utfordrar staten for byggjetrinn 2
Lagerlokala som trengst ved bevaringstenestene skal gjerast ferdige i byggjetrinn to som er kostnadsrekna til 10 mill. kr. Hordaland fylkeskommune har budsjettert sin del av denne kostnaden i 2007-08, medan ein ventar på at staten skal løyva tilskot til fullfinansiering slik at byggjearbeida kan starta om eit halvt års tid.
Både statsråden og stortingsrepresentantar som var til stades ved opninga, fekk klar melding med til Oslo at ein ventar at statsmidlane kjem og at dei kjem i tide til at byggjearbeida kan starta i år.
Fylkeskommunen gjer ein kjempejobb, no håpar eg staten følgjer opp, sa generalsekretær Tron Wigeland Nilsen i Norges museumsforbund.
Sjå til Hordaland
De er flinke til å få til tiltak i Hordaland. I ABM-utvikling brukar vi Salhusmiljøet og Hordaland som eit fyrtårn som vi ber andre om å sjå til, sa avdelingsdirektør Randi Ertesvåg frå ABM-utvikling.
Med senteret her i Salhus får de no sjanse til å byggja opp konserveringskompetanse som enkeltmuseum ikkje har, sa Ertesvåg.
Sjå også: Felles bevaringsteneste