Betre rådgjeving mot fråfall i vidaregåande skule

Innføring av obligatorisk møte med rådgjevar, betre tilrettelegging for elevar og å betra rådgjevingstenesta særleg i ungdomsskulen. Det meiner Elevorganisasjonen i Hordaland kan redusera fråfallet i den vidaregåande skulen.

Elevorganisasjonen i Hordaland si elevforsamling 20.-21. januar på Os.
Representantar frå 22 vidaregåande skular i fylket deltok på Elevorganisasjonen i Hordaland si andre samling dette skuleåret. Fråfall var det viktigaste temaet på seminaret halden på Søfteland skule.(Foto: Anders Lambrechts Solberg.)

Det kom fram under Elevorganisasjonen i Hordaland si elevforsamling 20.-21. januar på Os. 59 utsendingar frå 22 skular deltok på seminaret på Søfteland skule. Andre viktige saker på seminaret var arbeidet med og gjennomføring av lærarevaluering, samt utveksling av idear om kva elevråda kan jobba med.

Rådgjevarar i nøkkelrolle
- Seminaret var gratis for alle EO Hordalands sine medlemsskular, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive, seier leiar Aleksander Lambrechts Solberg i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Koordinator Marianne Haaland i arbeidslaget Kompetansefylket Hordaland informerte om fråfallet i vidaregåande, samt kva fylkeskommunen gjer for å redusera fråfallet. Deretter var det debatt, og elevrepresentantane kom fram til ein del ting som kan gjerast for å redusera fråfallet.

- Det ser ut til at ein stor del av jobben ligg hos rådgjevarane, særleg på ungdomsskulen, seier Solberg.

Hjelp med opptak
Elevorganisasjonen ønskjer å innføra obligatorisk møte med rådgjevar, både på ungdomsskulen og på vidaregåande. Dei ønskjer også å betra rådgjevingstenesta på ungdomsskulen ved å innføra obligatorisk vidareutdanningskurs for rådgjevarane. Samstundes må fleire personar i ungdomsskulen gjerast i stand til å hjelpa elevane med å søkja opptak til vidaregåande.

Eit anna moment er å leggja betre til rette for elevar som har vanskar med å gjennomføra vanleg skulegang, til dømes grunna graviditet. Informasjon om vidare utdanning, både på vidaregåande og universitet, bør koma tidlegare på året. Eit siste punkt er at lærarane må bli flinkare til å motivere elevane. Motiverte lærarar gir motiverte elever.

Få har gjennomført lærarevaluering
- Svært få skular har gjennomført lærarevaluering, og nokon er så vidt i gang med planlegginga. Dette reagerer vi på, då evalueringa skulle vore gjennomført i midten av januar, opplyser elevleiaren. Han legg til at på skulane der ein har gjennomført evalueringa er tilbakemeldingane frå elevane svært gode. Ein opplever allereie forandring med betre og meir engasjerande undervisning.

Antimobbekampanjar
Utveksling av idear til kva elevrådet kan jobba med var det også satt av tid til. Det syner seg at elevråda rundt om i fylket er svært aktive. Alt frå juleverkstad, ball, skuleturneringar, OD, ID, diverse innsamlingsaksjonar, antimobbekampanjar, elevmedverknadsprosjekt, kantinearbeid, oppussing og skidag. I tillegg har elevråda delteke i utarbeidinga av lærarevalueringa på dei fleste skulane.

- Neste elevforsamling er 17. og 18. februar. På sakskartet står då mellom anna store skulepolitiske saker som den kristne føremålsparagrafen, fritt skuleval, friskular og reklame i skulen, opplyser leiar Aleksander Lambrechts Solberg i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Fakta om Elevorganisasjonen (EO)
355 medlemsskular på landsbasis, 35 i Hordaland. Partipolitisk uavhengig interesseorganisasjon for elevar og lærlingar under vidaregåande opplæring. Jobbar opp mot stat og fylke i utdanningspolitiske saker. Vidare korleis engasjere elevane, og å arrangere seminar og skuleringar. Skuleringane er alt frå info om EO, rettar- og elevmedverknadsskulering til elevrådsskulering. Dei store kampsakene for Elevorganisasjonen i Hordaland er lærarevaluering, meir pengar til oppussing av skulebygg, etterutdanning av lærarar, gratis skuleskyss og billegare ungdomskort.

Simon Sortland 29.01.2007 11:18
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart