64 mill. kr til regional utvikling

Hordaland fylkeskommune har 64,2 mill. kr til fordeling til tiltak innan regionalt utviklingsprogram for 2007, ein auke på nesten 11 mill. kr frå 2006. Fylkesutvalet har vedteke at 34,5 mill. kr skal gå til bedriftsretta tiltak, 15,6 mill. kr til tilrette

 Dei bedriftsretta verkemidlane på 34,5 mill. kr vert fordelte av Innovasjon Norge Hordaland, medan fylkeskommunen fordeler dei andre postane. 0,4 mill. kr er til disposisjon for regionalt næringsforum.

Maritim satsing
Etter forslag frå Hans Otto Robberstad (Ap) vedtok fylkesutvalet samrøystes:
«Fylkesutvalet vil be om at det vert sett eit ekstra fokus på maritim satsing, slik at samspelet mellom næring og skule framleis vert blant dei fremste i landet.

Kultur og næring
Fylkesutvalet ber om at det vert arbeidd med å utvikla modellar for nytting av regionalt utviklingsprogram innan kultur og næring.

Miljøfylke
Det skal i 2007 verta sett fokus på klima og miljøutfordringar. CO2-reinsingsprosjektet på Mongstad vil vera eit viktig fyrtårnprosjekt som kan gje mange positive ringverknader. Særleg viktig blir det å leggja til rettes for etablering av næringsklynger for miljøvenleg teknologi. Hordaland kan og bør bli Noregs fremste miljøfylke innan forsking, utdanning og næringsliv.»

Forslag som fall
Følgjande forslag frå Robberstad (Ap) fekk sju (Ap, Sv, V, Sp) røyster, og fall: «2 mill. kr vert sett av til mogeleg stønad til kommunale næringsfond i kommunar som har særleg store utfordringar når det gjeld geografi, sysselsetjing og folketalsutvikling. Posten kommunale næringsfond vert finansiert ved: Reduksjon  1 mill. kr bedriftsretta næringsutvikling og reduksjon 1 mill. kr på posten tilrettelegging for næringsutvikling.»

Stanley Hauge 29.01.2007 11:32
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart