På avsluttinga før jul vart lektor Piroska Schandl og fagleiarane Inge Bøe og Øivind H. Solheim ved Knarvik vidaregåande skule tildelt Det kongelige Selskab for Norges Vels medalje for lang og tru teneste.
Om jubilantane heiter det:
Piroska Schandl er lektor med undervisningsfaga norsk og fransk. Med bakgrunn og oppvekst i Ungarn måtte ho læra seg norsk heilt frå grunnen av - inkudert både nynorsk og bokmål. På toppen av alt underviser ho i norsk for norske 16-19-åringar - verdas kanskje mest kritiske publikum! Blant elevane sine er Piroska Schandl ein svært omtykt lærar.
Inge Bøe er siviløkonom frå NHH og har undervist i økonomifag på utdanningsprogramma for Studiespesialisering og Service og samferdsel. Gjennom dei 30 åra han har vore ved skulen har han innehatt ei rekkje funksjonar og verv, t.d. hovudlærar, leiar av lærarrådet, tillitsvald for Utdanningsforbundet. Bøe er no fagleiar med det daglege driftsansvaret for avdeling Juvikstølen (tidlegare Lindås gymnas).
Øivind H. Solheim er fagleiar med ansvar for drifta av Realkompetanse- og kurssenteret ved Knarvik vidaregåande skule. Dette er det av dei 10 realkompetansesentra i fylket som har foretatt flest realkompetansevurderingar og skipa til flest kurs, særleg innafor helse- og omsorgssektoren. Kurssenteret arrangerer også mange kurs for næringslivet, offentlege etatar og private.

Heidra for 30 års lang og tru teneste: Lektor Piroska Schandl, og fagleiarane Inge Bøe og Øivind H. Solheim.